NCE Maritime CleanTech har ein viktig posisjon når det gjeld påverking av nasjonale og internasjonale rammevilkår for maritim miljøteknologi. Klynga har no oppretta ei politisk ressursgruppe som skal styrka denne posisjonen ytterlegare.

Klynga si politiske ressursgruppe vart etablert hausten 2017. Den skal bidra til å styrka NCE Maritime CleanTech sin sentrale og viktige posisjon når det gjeld påverking av nasjonale og internasjonale rammevilkår for miljøteknologi. Gruppa har medlemmer frå alle delar av industrien og skal vere eit talerøyr for heile klynga.

Gruppa vert leia av Bjørn Sundland frå Gasnor og Erik Ianssen frå Selfa Arctic.

– Me har jobba politisk lenge og oppnådd mykje, mellom anna veldig ambisiøse krav til ferjene. Det som blir annleis no, er at me skal jobba endå breiare og meir systematisk, seier Sundland.

– Klynga har ei unik moglegheit til å nå fram
For få år sidan var det få som trudde det var mogleg med heilt utsleppsfrie ferjer. Men framoverlente politiske avgjerder har opna ein heilt ny og grøn marknad for norsk industri og vil i tida som kjem redusera utslepp langs heile noregskysten.

NCE Maritime CleanTech si politsike ressursgruppe vert leia av Bjørn Sundland (nr. to frå venstre) og Erik Ianssen (nr. tre frå venstre). Her i samtale med Jon Gunnes, stortingsrepresentant for Venstre og andre nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen, og styremedlem Vermund Hjelland frå Eidesvik under klynga sin årskonferanse i november.

– Marknaden for miljøteknologi blir ofte driven fram av politiske vedtak, og med våre 75 partnarar har NCE Maritime CleanTech ein unik moglegheit til å nå fram til politikarane. Me opplever at me blir lytta til når me synleggjer korleis ein kan redusera utslepp frå ulike maritime aktivitetar, seier dagleg leiar i NCE Martime CleanTech, Hege Økland.

Politisk ressursgruppe tek i mot innspel frå bedrifter i klynga om saker dei meiner bør fremjast på vegne av medlemmene.

– For oss er det viktig å få innspel frå heile klynga og integrera det i ein politisk kommunikasjonsstrategi, slik at me kan vere talerøyr for klynga og næringa, seier Sundland.

– Politikarane må stilla krav
Noreg forplikta seg gjennom Paris-avtalen til å få ned klimagassutsleppa med 40 prosent innan 2030. Industrien er utolmodig, men er avhengige av dei riktige politiske avgjerdene.

– Det går for langsamt om me må kjempe dråpe for dråpe for å få ned oljeforbruket. Me må få opp dampen om me skal nå Paris-forpliktingane, seier Erik Ianssen.

NCE Maritime CleanTech meiner at politikarane si oppgåve ikkje er å gjere teknologival, men å bestemma kva ein ynskjer å oppnå.

Politikarane må gjere det dei gjer best, nemleg å utforma god politikk. Dei må stille funksjonskrav og ikkje teknologikrav, og så må industrien finne løysingane, seier Hege Økland.

Innspel til politisk ressursgruppe
Neste møte i politisk ressursgruppe er 13. februar 2018, og innspel til gruppa kan sendast direkte til Bjørn Sundland, Erik Ianssen eller til kommunikasjonssjef Marie Launes i NCE Maritime CleanTech.

– Me i NCE Maritime CleanTech har ei viktig rolle i å gjere det offentlege bevisst på den viktige rolla dei har som krevjande og miljøvenlege kundar. Me treng også gode insentivordningar for grøn teknologi og regelverk som gjer at det kostar å forureina, seier Økland.