Den raske og grøne utviklinga i maritim sektor endrar kompetansekrava til framtidas sjøfolk. Gjennom deltakinga i NCE Martime CleanTech har Fagskolen i Hordaland fått inspirasjon til å tilpassa maritim utdanning til ein heilt ny kvardag til sjøs, med nye energisystem og auka grad av digitalisering.

Klyngedeltakar Fagskolen i Hordaland fekk nyleg 750.000 kroner i midlar frå MARFAG2020 til å utvikle nye læreplanar for maritim utdanning ved høgskular, vidaregåande skular og fagskular. Det heile starta med ei samling i NCE Maritime CleanTech.

– Som gamal dieselmaskinist lytta eg interessert til teknologiføredraga under klyngeverkstaden i Rosendal i 2017. Då eg reiste heim slo det meg det var naudsynt å endre studieprogrammet vårt slik at skuleverket ikkje blir akterutsegla. Ny grøn og smart teknologi er på full fart inn i maritim sektor, og me må sikra at me gir dagens og framtidas maskinistar den kompetansen dei treng, seier avdelingsleiar Lars Hellevik hjå Fagskolen i Hordaland.

Viktig kompetanse i klynga

NCE Martime CleanTech har fleire utdanningsinstitusjonar blant partnarane, så vel som kommunar, fylkeskommunar og forvaltingsorgan som Sjøfartsdirektoratet. Alle er aktørar som er opptekne av høg kvalitet på maritim utdanning og tryggleiken til sjøs.

Lars Hellevik hjå Fagskolen i Hordaland brukar deltakinga i klynga til å sikre at framtidas sjøfolk får kompetansen som framtidas industri treng.

– Styrken til NCE Martime CleanTech er at me har klyngedeltakarar frå heile næringskjeda, og utdanningsinstitusjonane er sjølvsagt ein naturleg del av den grøne omstillinga som skjer til sjøs. Me er glade for at Fagskolen i Hordaland er framoverlente og sikrar at framtidas maskinistar har kompetanse til å vedlikehalda og drifte den nye teknologien. Dette er me som klynge avhengige av og må støtte opp om, seier dagleg leiar Hege Økland.

Om kort tid vil Fagskolen i Hordaland invitere den maritime næringa, skular, opplæringskontor og fagforbund til eit møte om kva som trengs for å gjere utdanninga meir framtidsretta.

– I eit slikt møte er NCE Maritime CleanTech viktig fordi det er i klynga kompetansen på teknologien sit. Me ynskjer å sette saman ei gruppe som tar innovasjonen i maritim sektor inn i skuleverket, slik at skulen kan drive effektiv opplæring på framtidas utstyr og tilby ei meir relevant utdanning, tilpassa dei endra kompetansebehova i maritim næring, forklarar Lars Hellevik.

Fagskolen i Hordaland håpar å starte den nye  utdanninga av lærarar ved maritime fagskular allereie til hausten. Samtidig skal ein utvikla eit kursopplegg for eksisterande maskinistar og implementerer dette i fag- og høgskuleutdanning for dei som tek ordinær maskinoffisersutdanning.

Utviklinga går fort

– Utviklinga av ny klima- og miljøteknologi i sjøfarten går fort, og det krev annan kompetanse knytt til nye energisystem og digitalisering. Me trur det er viktig at klynga er med på å forme morgondagens maritime utdanning, slik at me styrkar kompetansen på dei riktige områda. Dette er med på å auka konkurransekrafta i den norske maritime næringa, seier Økland.

MARFAG2020 er eit delprosjekt av utviklingsprosjektet MARKOM2020, som blei etablert av Kunnskapsdepartementet i samarbeid med Handels- og næringsdepartementet i 2011. Intensjonen er å løfte nivået på maritim utdanning.

– Når me skal utforma framtidas utdanningar treng me mellom anna beskriving av korleis dei nye systema er bygd opp og korleis dei skal drivast frå teknologileverandørane. Me opplever eit mykje større skifte no, enn då LNG-ferjene kom. Batteridrift er ein ting, men det blir ein heilt anna sak når hydrogen kjem for fullt, seier Hellevik.