Den utsleppsfrie hurtigbåten Urban Water Shuttle – eit av mange spennande prosjekt i klynga!

NCE Maritime CleanTech representerer ei av verdas mest komplette maritime klynger. Me har i dag nær 90 medlemmer frå heile verdikjeda; designselskap, verft, utstyrsleverandørar, reiarlag, klasseselskap, kraftselskap, utdanningsinstitusjonar, forskingsmiljø og offentleg sektor.

Våre medlemmer samarbeider om å skapa framtidsretta, innovative og konkurransedyktige løysingar innan maritim sektor som reduserer miljø- og klimaskadelege utslepp til luft og sjø.

Me søkjer no etter:

PROSJEKTLEIAR

Stillinga er sentral i arbeidet vårt med å styrkja klyngebedriftene si innovasjonskraft og verdiskaping. Stillinga vil ha ansvar for etablering og gjennomføring av ulike innovasjons- og utviklingsprosjekt i klynga.

Den rette søkaren må ha ei glødande interesse for å få fram kommersielle løysingar som kan redusera energiforbruket og utsleppa frå ulike maritime aktivitetar gjennom tett samspel mellom industri, forskings- og utdanningsmiljø og offentleg sektor. Du må ha høgare økonomisk og/eller teknisk utdanning, samt erfaring frå utviklingsarbeid i næringslivet, fortrinnsvis frå havnæringane. Høg fagleg integritet og evne til å skapa tillit hos dine samarbeidspartnerar er også viktig for stillinga.

Send søknad med CV til

OPEN SØKNAD

Er du nyutdanna og ønskjer å arbeide med grøn teknologi i ei av verdas leiande industriklynger?

Me søkjer nyutdanna kandidatar på masternivå innanfor fagområda industriell økonomi og teknologileiing, maritim teknologi eller økonomi og administrasjon. Om du kan visa til gode resultat og har stor interesse for å leggje til rette for utvikling og kommersialisering av nye, framtidsretta løysingar til havnæringane, så send oss søknad med CV og vitnemål snarast til

For begge stillingane:

Me kan tilby varierte og spanande arbeidsoppgåver og konkurransedyktige vilkår.
Arbeidsstad: Stord, med noko reiseverksemd

Kontaktperson: Dagleg leiar, Hege Økland, tlf 957 53 695

Me intervjuar kandidatar fortløpande og har ingen søknadsfrist. Søk difor snarast!