Klyngeverksemdene CFD Marine og Grenland Energy har fått støtte av NCE Maritime CleanTech gjennom Innovasjonsrammen for å utvikla modellar for betre batterisimuleringar. Prosjektet har allereie bidratt til ein ny generasjon batterisystem, som er på full fart ut i marknaden.

Hans Jørgen Mørch i CFD Marine nyttar CFD-analysar for å laga betre batterimodellar for Grenland Energy.

Batteri spelar ei stadig viktigare rolle i maritime energisystem, og betre og billigare design av batterisystema vil auka bruken av batteri i maritim sektor ytterlegare. CFD Marine (søkjar) og Grenland Energy fekk i fjor haust 375.000 kroner frå Innovasjonsrammen for å utvikla datamodellar som ser på samanhengen mellom det som skjer på innsida og utanfor batteria.

Kopla analysar aukar treffsikkerheiten

Kunnskapen skal nyttast til meir effektiv design og produksjon av batterisystem og gje meir optimaliserte batteripakkar med lengre levetid.

– Ved å kombinera CFD Marine sine straumingsanalysar med dei elektrokjemiske analysane til Grenland Energy, får me eit mykje betre bilete av korleis batteria har det under ulike driftsforhold. Verktøyet me utviklar kan me nytta til å designa meir optimale batterisystem, seier dagleg leiar i CFD Marine, Hans Jørgen Mørch.

Lars Ole Valøen er teknologidirektør i Grenland Energy.

CFD Marine har eit av Noregs fremste miljø på straumningsanalysar ved hjelp av såkalla Computational Fluid Dynamics (CFD)-metodikk. Nøkkelen til betre batterikunnskap er å kopla disse analysane av kva som skjer på utsida av batteria i høve til temperaturstyring, med analysane av dei elektrokjemiske prosessane inne i batteria.

– Varmeutvikling går utover levetida til batteria. Med kopla analysar får med meir detaljkunnskap om temperaturfordelinga på innsida av batteria. Med meir presise analyseverktøy og betre kunnskap om tilstanden til batteria, kan batterileverandørane i teorien laga eit lettare og billegare produkt. Analysane opnar også for å gjera nye typar optimaliseringar, som å ta omsyn til skipets geometri når ein designar batterisystemet med tanke på kjøling, seier Mørch.

– Innovasjonsrammen aukar konkurransekrafta

Grenland Energy er eit av dei leiande miljøa på batterisystem i landet, mellom anna til maritim sektor. Betre analyseverktøy vil styrka den posisjonen ytterlegare.

Illustrasjon av batterisystem frå Grenland Energy.

– Før me fekk tildelinga i fjor haust hadde me identifisert kva retning me måtte gå. I små verksemder kan me ikkje driva med forsking for moro skuld. Me må gå rett på målet, og finansieringa gjer det mogleg å nå målet raskare. Ordningar som Innovasjonsrammen aukar konkurransekrafta vår, seiar teknologidirektør i Grenland Energy, Lars Ole Valøen.

Batterisystem vert gjerne designa med ein større margin enn naudsynt når det gjeld kapasitet og levetid. Det kan det no bli ei endring på.

– Med betre analysar kan me i enkelte tilfelle bruka eit mindre system til å gjera same jobben. Nokre gongar kan dette vera utløysande for at det er lønsamt for kunden å i det heile nytta batteri i fartøyet. No kan me i større grad designa akkurat det produktet kunden treng. Me kan føreseikorleis ulike driftsprofilar verkar inn på batterisystemet og bruka dennekunnskapen til å optimalisera systemet i fartøyet. Me skal straks levera den fyrste utgåva av neste generasjons batterisystem, der me har samarbeida tett med CFD Marine, seier Valøen.

Innovasjonsrammen er ei finansieringsordning for klyngeverksemder frå Innovasjon Norge. Hensikten er å støtta arbeidet med nye idear og konsept i ein tidleg fase for å auka farta på teknologiutviklinga.