NCE Maritime CleanTech gir no bedriftene i klynga ein eksklusiv sjanse til å vera med på Global Growth-programmet til Innovasjon Norge. På agendaen står nye marknadsmoglegheiter innan grøn maritim teknologi i USA og Canada.

Internasjonalisering er eit viktig satsingsområde for NCE Maritime CleanTech, og det siste året har me organisert vellykka «matchmaking»-turar til både Nord-Amerika og Asia. No gir me bedrifter sjansen til å vera med på eit tre-stegs Global Growth-program i regi av Innovasjon Norge der me skal besøka Seattle og Vancouver. Felles for desse destinasjonane er ambisiøse mål og planar for kutt i utslepp frå transportsektoren.

I utviklinga av desse byane ligg det store moglegheiter for bedriftene i klynga. Hensikten med Global Growth-programmet er å byggja nettverk og få ei betre forståing for marknadene og korleis ein gjer forretningar der. Dermed kan verksemdene få raskare tilgang til nye marknader og redusera risiko knytt til internasjonalisering, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Les meir og meld deg på i dag ved å trykka på denne lenka!

Første mann til mølla
Me plukkar ut ti verksemder som får vera me på Global Growth-programmet, så her gjeld først-til-mølla-prinsippet. I første del av programmet tek ein føre seg korleis det er å gjera forretningar i dei to landa, me ser på marknadssituasjonen, kulturelle utfordringar og kva for etableringsformer som er mest eigna. Me skal også øva på korleis ein presenterer verksemda si på best mogleg måte.

Den andre delen av programmet er reisa til Nord-Amerika, som vert arrangert i januar 2019. Saman med dei lokale representantane til Innovasjon Norge vert det arrangert møter og besøk hos ulike reiarlag, hamnevesen, verft og andre moglege teknologisamarbeidspartnarar. Den tredje delen av programmet vert ein oppfølgingstur over Atlanteren til våren.

Global Growth-programmet kostar 25.000 kr (pluss mva). Deltakarane må også dekka reiser og opphald sjølve. I fjor arrangerte NCE Maritime CleanTech og Innovasjon Norge eit tilsvarande Global Growth-program retta mot Singapore.

– For oss i Servogear var Global Growth svært nyttig, både kursinga på førehand og sjølve turen til Asia. Me hadde ei rekkje relevante møte med lokale aktørar og fekk kontaktar me ikkje hadde klart å skaffa på eigen hand. Me har og signert kontraktar som Global Growth-programmet kan få delar av æra for. Det er også positivt at ein får tid til å diskutera med dei andre norske verksemdene, for me står overfor mange av dei same problemstillingane, seier dagleg leiar Torleif Stokke.

for meir informasjon.