NCE Maritime CleanTech har fått midlar frå DOGA til å utvikla eit konsept som skal gjere cruisenæringa grønare og smartare. – Teknologisk sett har me alle moglegheiter for å gjera Noreg til verdas grønaste reisemål, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Cruise er ein av dei raskast voksande turistformene internasjonalt. I Noreg har talet på cruiseturistar auka frå ca. 200.000 til nær 700.000 dei siste 15 åra, og det er forventa ytterlegare vekst i åra som kjem. Parallelt med denne veksten ser me eit auka fokus på det store miljøavtrykket desse skipa etterlet seg.

Klynga si faggruppe innan Grøn cruisefart vil vera sentral i arbeidet med å utvikla framtidas cruisekonsept.

-Medan utsleppa frå skipsfarten generelt går ned, peikar pila oppover for cruiseindustrien. Dette viser at det er eit stort behov for å utvikla meir berekraftige cruisekonsept, og NCE Maritime CleanTech ynskjer å spela ei rolle i dette arbeidet, seier dagleg leiar i klynga, Hege Økland.

I september vart NCE Maritime CleanTech tildelt 580.000 kr frå Design og arkitektur Norge (DOGA) til arbeidet med å utvikla eit konsept for framtidas cruisefart.

– Problemstillinga Maritime CleanTech tar tak i er svært relevant og presserande. Dette er eit stort prosjekt knytt til cruisefart, hamn og miljø som er viktig for Noreg som kystnasjon og turistdestinasjon. Ved å nytta designmetodikk gjennom analyse- og idéfasane håpar me å få sjå eit nytt cruisekonsept, som i sin heilskap skal gjera cruisenæringa grønare og smartare, seier seniorrådgivar og leiar av Designdrevet innovasjonsprogram (DIP) i DOGA, Anne Bull.

Nye krav krev nye løysingar
Prosjektet vil vera eit samarbeid mellom NCE Maritime CleanTech, utvalde medlemsbedrifter i klynga og designselskapet Eker design som skal leia designprosessen. Forskings- og kompetansemiljø innan reiseliv og cruiseturisme vil også bli involvert i prosjektet.

– Me ser fram til å leia dette designprosjektet, og har ei ambisiøs målsetjing om å skapa konsept som revolusjonerer bransjen. For oss som jobbar mykje med maritime designprosjekt er det spesielt viktig å bidra til grønare løysingar, seier adm. dir. i Eker Design, Bård Eker.

Partnarane skal ta utgangspunkt i cruiseskip som operer i turistfjordane våre i dag, og som vil møte krav til blant anna nullutslepp i fjordane frå 2026. Ved bruk av designdriven innovasjonsmetodikk skal det utviklast eit nytt konsept, der ein ser på alle aspekt ved fartøyet; operasjonsprofil, framdriftsløysingar, logistikk, hamneoperasjonar og drift/vedlikehald.

– Målet vårt er å synleggjera korleis ein kan redusera klima- og miljøavtrykket til cruiseskipa. Konseptet skal også gjera cruisenæringa i stand til å imøtekomma nye krav, som til dømes nullutslepp i fjordane innan 2026, seier Økland.

Ei prosjektgruppe vil bli etablert i løpet av oktober, og eit nytt konsept skal vera klart våren 2019.

– Det ferdige konseptet vil me ta med oss ut til reiarlaga, og me jobbar med eit mål om at prosjektet skal vidareførast til eit hovudprosjekt med fullskala demonstrering av teknologien, seier Økland.

For klyngepartnarar som ynskjer å delta i prosjektet:
Interesserte klyngedeltakarar kan melda si interesse til klyngeadministrasjonen v/Håvard Tvedte innan 31.oktober, med ei kort skildring av kompetanse og motivasjon for å delta i prosjektet. Som prosjektdeltakar forpliktar de dykk til å bidra med eigeninnsats i form av tidsbruk. Løvyinga frå DOGA dekker kostnader til prosjektleiing og konseptutvikling av ekstern industridesignar.

Gjennom deltaking får verksemda di få rett til å delta i konsortiet vidare, de vil eiga cruisekonseptet saman med dei andre deltakarane i prosjektet. Det vil bli utarbeida ein konsortieavtale som regulerer IPR (Intellectual Property Rights).

Klynga si faggruppe for grøn cruisefart vil vedta endelege samansetninga av prosjektgruppa/konsortiet i november. Faggruppa prioriterer deltaking frå bedrifter med komplementær kompetanse/teknologi. Representantar frå kundesida (cruisereiarar) vil også bli involvert i prosjektet.