Fuel Cells and Hydrogen Joint Undertaking (FCH JU) kjem no med ei ny utlysing innanfor EUs Horizon 2020-program, som gjeld prosjekt innan hydrogen- og brenselcelleteknologi. Utlysinga er forventa å gi store moglegheiter for medlemmene i NCE Maritime CleanTech.

Årets utlysing, som er ein del av EUs Horizon 2020 program, vart offentleggjort kommande tysdag 15. januar. Her fekk ein vite kva type prosjekt som vil støttast og kor mykje ein kan søke om.

Utlysinga finn du her

Dersom klyngepartnarane treng hjelp med tolking av utlysinga og informasjon om korleis ein god søknad skal sjå ut, kan ein delta på FCH JU sin informasjonsdag via web den 29. januar. Lenke: https://www.fch.europa.eu/event/fch-ju-call-2019-info-day ).

Program finn du her

Ein kan også vere fysisk til stades på denne informasjonsdagen i Brussel, noko som vil gi gode moglegheiter til nettverksbygging.  Her vil ein få møta eit brei gruppe av andre industriaktørar og kunne delta i sesjonar der ein kan presentera sine organisasjonar og prosjektidear. Gjennom deltaking på arrangementet får du også moglegheit til å identifisere dei beste partnarane for din søknad, samt får informasjon om andre pågåande søknader der din organisasjon kan passe inn som partnar.

Meld deg på her

Har du spørsmål om deltaking i EU-prosjekt, ta kontakt med EU-rådgivar i NCE Maritime CleanTech Natalia Ivanova –