NCE Maritime CleanTech vil sjølvsagt vera til stades på Nor-Shipping i Oslo 4.-7. juni 2019.  No tilbyr me partnarane i klynga å delta på ein fellesstand i messa sin mest profilerte hall.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klynga sin stand vil vera plassert i hall A – Blue Economy Hall. Hallen er dedikert til selskap som skapar framtidas teknologiar og løysingar for skipsfarten. Området var svært godt besøkt då konseptet vart starta under Nor-Shipping 2017.

Som standdeltakar får du:

  •   Taletid/bedriftspresentasjon i programmet på standen
  •   Logo på bakvegg
  •   Presentasjonar/filmar til skjerm på stand
  •   Stilla med folk og marknadsmateriell, og bruka stand som kontaktpunkt på messa

Pris for deltaking: 35 000 per bedrift.

Standprogram:

På standen vil me òg arrangera fem programsesjonar med innlegg frå aktuelle klyngebedrifter (her må ikkje bedrifta vera standdeltakar for å delta, pris per innlegg: kr 5000). Programsesjonane gjeld:

  • Electric revolution
  • Hydrogen solutions
  • Decarbonizing Deep Sea
  • Greener cruising
  • Hybrid innovation

NCE Maritime CleanTech vil også arrangera ein Think Tank-sesjon i løpet av messa, med høgprofilerte norske og internasjonale deltakarar.

Dersom di bedrift ynskjer å delta på tilboda til NCE Maritime CleanTech under Nor-Shipping, eller du ynskjer meir informasjon, ta kontakt med Håvard Tvedte, 926 30 119/.