NCE Maritime CleanTech inviterer klyngedeltakarar til å delta på “Norway-Asia Business Summit” i Shanghai 31.10-2.11. Etter konferansen blir det Global Growth-program for interesserte bedrifter i same region.

Norsk maritim miljøteknologi er banebrytande, og verda over er det stort potensiale for nye løysingar. Ikkje minst i folkerike land med mykje sjøtransport, som Kina.

På årets toppmøte for norske næringsaktørar med interesser i Kina og Asia, vil maritime løysingar vera i fokus. NCE Maritime CleanTech skal ha ansvar for ein eigen sesjon i programmet på toppmøte. Er bedrifta di interessert i å delta her? .

Global Growth-program 4.-7.11
Etter at den store konferansen er ferdig i Shanghai legg NCE Maritime CleanTech opp til Global Growth-program for bedrifter som ønsker å bygga nye relasjonar til kinesiske samarbeidspartnarar.

Første reise i programmet er lagt til 4.-7.11, og det passar difor å delta på konferansen i forkant om ønskeleg.

Innovasjon Norge legg til rette for Global Growth-programmet. Målet er å posisjonera norske bedrifter mot gode lokale partnarar i Kina. Bakgrunnen er ei avtale mellom Noreg og Jiangsu-provinsen. Her delfinansierer provinsstyresmaktene bedrifter som deltar i kommersialisering av «Green Tech»-prosjekt med norske bedrifter.

Les meir om programmet her.

Informasjonsmøte 15. mai
Ønsker du meir informasjon om både konferansen og Global Growth-programmet? NCE Maritime CleanTech, Norway-Asia Business Summit og Innovasjon Norge inviterer til ope informasjonsmøte allereie førstkomande onsdag 15. mai kl. 10-11 i Bergen.

Passar det ikkje? for å høyra meir om dei planlagde aktivitetane.