NCE Maritime CleanTech er ei verdsleiande næringsklynge med 100 deltakarbedrifter frå heile den maritime verdikjeda og energisektoren. Gjennom samarbeid utviklar me nye energieffektive løysingar og banebrytande miljøteknologi som reduserer skadelege utslepp frå maritime aktivitetar.

Administrativ koordinator

Me ønsker å utvida staben med deg som kan bidra med god og effektiv administrasjons- og økonomioppfølging i spennande nyskapingsprosjekt. Arbeidet skjer i tett samspel mellom industri, forskingsmiljø, offentleg sektor og kapitalmiljø.

Arbeidsoppgåver:

  • Prosjektoppfølging
  • Økonomioppfølging
  • Rapportering
  • Arrangement
  • Oppfølging av administrative rutinar og system

Det er ønskeleg at du har erfaring frå økonomi- og/eller prosjektoppfølging. Du bør ha høgare utdanning innan administrasjons- og økonomifag, eller relevant erfaring.

Du må ha evne til å samarbeida og skapa tillit hos dine samarbeidspartnarar. Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonseigenskaper blir vektlagt.

Arbeidsstad: Stord

Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår.

For meir informasjon om stillinga kontakt prosjektleiar Håvard Tvedte, tlf.: 926 30 119.

Send søknad og cv til  innan 15. oktober.