Satsinga på grøn skipsfart betyr store internasjonale moglegheiter for vestnorske maritime leverandørar. Agenda Vestlandet tildeler no Maritime CleanTech 1,7 millionar kroner for å styrka kommersialiseringa av norske teknologiar.

Verda er inne i eit avgjerande tiår for å klara å redusera klimautsleppa og nå 1,5 gradersmålet i Parisavtalen. Skipsfarten skal ta sin del av klimakutta og er i startfasen på eit storstilt energiskifte. Dette energiskiftet krev nye og driftssikre teknologiske løysingar, samt nye forsyningskjeder av grønt drivstoff. Her speler vestnorske aktørar ei sentral rolle.

Sparebanken Vest-stiftinga Agenda Vestlandet har no tildelt 1,7 millionar til Maritime CleanTech, for å styrka internasjonaliseringa av den grøne delen av norsk maritim sektor. Det var god stemning då BA møtte samarbeidspartnarane i Maritime CleanTechs lokale på Nøstet i Bergen.

Margunn Aas Minne og Håvard Tvedte. Foto: Chris Jørgen Rødland/Maritime CleanTech

– Vestlandet har eit betydeleg potensiale for å styrka grøn verdiskaping i næringslivet. Vi har lukkast med å skape ein heimemarknad, til dømes med elferjer, no handlar det om å få selt produkta i utlandet. Spesielt innan grøn skipsfart har Noreg no eit fortrinn. Difor støttar Agenda Vestlandet Maritime Cleantech, fordi dei med dette prosjektet kan få eksportert grøn teknologi til nye marknadar, seier Margunn Minne, konserdirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest og styremedlem i Agenda Vestlandet.

Elektriske løysingar er klare for Europa

Bedriftene i Maritime CleanTech samarbeider i mange pilotprosjekt der ulike grøne energisystem blir utvikla og demonstrert. Gode eksempel er innføringa av batteri- og hydrogenløysingar til ulike segment som hurtigbåtar, offshorefartøy og fraktefartøy. Sist veke blei verdas første heilelektriske hurtigbåt døypt i Stavanger. Eit konkret resultat av samarbeid på tvers av bedrifter i Maritime CleanTech.

 

Fylkesordførar Marianne Chesak og samferdselsminister Jan Ivar Nygård på dåp av Medstraum. Foto: Marius Knutsen

– Nye, grøne teknologiar som blir utvikla av bedriftene her i regionen har eit svært stort eksportpotensiale. Verda over ser dei no til dei grøne prosjekta som pågår langs vestlandskysten. Dette er viktige referansar når norske bedrifter no skal innta nye marknader med nye teknologiar. Samarbeidet med Agenda Vestlandet gjer at me kan utnytta dette når me skal promotera grøn skipsfart internasjonalt, seier Håvard Tvedte, konstituert direktør i Maritime CleanTech.

Mange maritime bedrifter har vekstambisjonar i åra som kjem. Bedriftene som var første ute med nullutsleppsløysingar til ferjeflåten er gode eksempel. Her i regionen er aktørar som Norwegian Electric Systems, Corvus Energy, Seam og Servogear eksempel på leverandørar som no tar viktige roller i internasjonaliseringa av grøn skipsfart. Deira løysingar til elektriske og hybride fartøy er modne teknologiar med høgt eksportpotensiale. Lengre fram vil bedrifter vera klare med løysingar knytt til ammoniakk, hydrogen og autonome fartøy.

– Parallelt med å utvikla og verifisera nye utsleppsfrie løysingar, må me kommersialisera det som allereie er utprøvd og demonstrert. Dette gjeld særleg heilelektriske og hybridelektriske framdriftsløysingar til nærskipsfarten. Her finst det marknader som er klare i Europa. Me skal bidra med koordinering og støtte, slik at me saman når mål om å dobla den grøne eksporten frå klynga innan 2030, seier Tvedte.

Satsar på vestlandske fortrinn i internasjonal konkurranse

Agenda Vestlandet deler årleg ut allmennyttige midlar til grøn omstilling som kan styrka det vestnorske næringslivet i ein skarp internasjonale konkurranse.

Gjennom samarbeidet med Maritime CleanTech får me fram behovet for å prioritera kommersialisering. Det er ikkje nok å skape ein heimemarknad, skal vi skape bedrifter som kan erstatta olje og gass må fleire tenke stort, og starta med eksport. Det vil òg styrka marknadsinnsikta og konkurranseevna, sier Minne i Agenda Vestlandet.

Maritime CleanTech har over 150 medlemsbedrifter frå heile den grøne maritime verdikjeda, og er særleg kjent for sine mange internasjonale prosjekt som demonstrerer nye, utsleppsfrie teknologiar om bord på fartøy.

– Det overordna målet vårt er å ta ut meir av eksportpotensialet i den maritime næringa, og styrka oppbygginga av grøn skipsfart som eit nytt norsk grønt eksporteventyr, avsluttar Håvard Tvedte.