Loading Events

Back to all Events

Kurs i prosjektutvikling

April 2 at 09:0014:00

Event Navigation

Me inviterer til kurs i prosjektutvikling for å hjelpa deg med å finna og søka på dei rette tilskotsordningane slik at du kan realisera dine beste prosjekt.

Det finst ei rekke støtteordningar for bedrifter som jobbar med forsking, utvikling og innovasjon. På kurset lærer du meir om relevante støtteordningar og kva program som passar best for ulike type prosjekt. Sentrale tema er evalueringskriteria, støttesatsar og finansiering av fellesprosjekt. Kurset baserer seg på konkrete eksempel og erfaringar. Det blir òg gitt tips til strukturering av søknader og etablering av prosjektportefølje.

Kurset blir halde på Merkantilen på Marineholmen, Bergen. Sjå program og meld deg på her: Kurs i prosjektutvikling (påmeldingsfrist 29. mars).

Arrangementet er eit samarbeid mellom GCE Ocean Technology, NCE Seafood Innovation, BTO og NCE Maritime CleanTech.

Details

Date:
April 2
Time:
09:00–14:00
Event Categories:
,

Venue

Bergen