Student collaborations

NCE Maritime CleanTech lagar gjerne opplegg for studentar og utdanningsinstitusjonar som ynskjer å læra meir om grøn teknologi, klyngeverksemda og aktivitetane våre. Om du ynskjer å sjå på moglegheitene for eit besøk hos oss, kontakt .

Klynga hjelper også Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen med å kopla medlemsbedriftene våre mot utdanningsinstitusjonane med tanke på studentoppgåver. Kontaktperson for nærmare informasjon: .

I oppgåvene ynskjer me fokus på grøne løysingar og utvikling innan maritim sektor. Aktuelle tema er:

  • Utvikling av LNG/batteri hybridsystem
  • Utvikling av hydrogen/batteri hybridsystem
  • Komparativ studie (teknologi, kostnad, sikkerheit, skipsdesign) for bruk av ulike lagringsmetodar for hydrogen på skip (gassform, flytande og metallhydrid)
  • Bruk av sol-, vind- og/eller bølgjeenergi til energiproduksjon på skip og/eller fiskeoppdrettsanlegg
  • Livsløpsanalyse av bruk av aluminium kontra karbonfiber på nullutslepps hurtigbåtar.
  • Komparativ studie (teknologi, kostnad, sikkerheit, skipsdesign, logistikk) for lading/utskifting av ulike maritime batterisystem om bord
  • Digitalisering i maritim sektor – fordeler og ulemper. Økonomi, sikkerheit og berekraft
  • HMS om bord på batteridrivne/hybride fartøy (havbruksfartøy, offshorefartøy og ferjer)
  • Korleis har det grøne skriftet endra norske maritime bedrifter (teknologi, kostnad/økonomi, sikkerheit og design)?
  • Offentlege maritime organ (Sjøfartsdirektoratet og Kystverket) si rolle i det grøne skiftet/digitalisering
  • Klyngene si rolle i det grøne skiftet. Teknisk, økonomisk og samfunnsfagleg perspektiv.
  • Operative og sikkerheitsmessige utfordringar knytt til ulike teknologiske løysingar (f. eks Short Sea Pioneer-konseptet eller Urban Water Shuttle)
  • Problemstillingar relatert til maritime regelverk
  • DC-system om bord på skip for betre energiøkonomisering og lågare utslepp.