VEDTEKTER FOR INTERESSEORGANISASJONEN MARITIME CLEANTECH (MCT)

Interesseorganisasjonen sitt namn er Maritime CleanTech og vart skipa 08.03.2011.

§ 1 Føremål
Maritime CleanTech (MCT) er ein uavhengig organisasjon som arbeider med arena og nettverksbygging for å skapa framtidsretta, innovative og konkurransedyktige løysingar innan maritim sektor som reduserer miljøskadelege utslepp til luft og sjø.

§ 2 Organisatorisk tilknyting
MCT er en frittståande interesseorganisasjon som samarbeider med forskingsmiljø, Hordaland og Rogaland Fylkeskommunar, Innovasjon Norge, samt andre nettverksorganisasjonar nasjonalt og internasjonalt.

§ 3 Deltakarverksemder
Medlemskap i MCT betyr medlemskap i ei næringsklynge der ein arbeider for auka grad av samhandling og innovasjon blant deltakarane. Verksemder og organisasjonar som støtter opp om MCT sitt føremål og som leverer produkt eller tenester til miljøteknologiprosjekt kan bli medlem i MCT.

MCT sine medlemmer er dei verksemdene som står oppført på MCT si internettside. Nye deltakarverksemder skal godkjennast av styret for MCT. Eit medlem kan melda seg ut av MCT med 3 månadars varsel. Innbetalt kontingent vert ikkje refundert.

§ 4 Stemmerett og val til tillitsverv
Alle deltakarverksemdene har stemmerett og deira tilsette kan verta valde til tillitsverv i MCT.

§ 5 Kostnader ved deltaking
Kostnader for den enkelte deltakarverksemd vert fastsett av årsmøtet.

§ 6 Godtgjersle til tillitsvalde
Den enkelte tillitsvalde får ikkje godtgjersle for generelt arbeid i styret og i komiteane. Dersom det vert pålagt eit særskilt arbeid i samband med eit prosjekt, kan dette bli dekka inn i det respektive prosjekt, og som slik vert dekka etter avtale.

§ 7 Årsmøte
Årsmøtet er MCT sitt høgste mynde. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars kvart
år. Driftsåret fylgjer vanleg rekneskapsår 01.01. – 31.12. Årsmøtet skal kallast inn med 2 – to – vekers varsel. Framlegg om endring av vedtektene skal følgja innkallinga. Sakliste, årsmelding, rekneskap/budsjett og andre saksdokument skal sendast medlemmene seinast 2 – to – veker før årsmøtet.

Årsmøtet skal handsama desse sakene:

  1. Styret si årsmelding og revidert rekneskap for føregåande driftsår
  2. Val av styre
  3. Val av valnemnd
  4. Fastsette medlemsavgift
  5. Eventuelle vedtektsendringar
  6. Andre saker som er nemnde i innkallinga

Kvart medlem har rett til ein representant til årsmøtet og kvar representant har ei stemme. Årsmøtet er vedtaksført med det antal stemmeberettiga deltakarverksemder som møter. Årsmøtet skal leiast av styret sin leiar eller om denne ikkje er tilstades, av nestleiar. Er ingen av desse tilstades kan årsmøtet med alminneleg fleirtal velja ein anna møteleiar. Møteleiar må vera medlem av MCT.

§ 8 Styret
MCT sitt øvste organ er styret som vert vald av årsmøtet. Styret skal ha 5 – 15 medlemmar etter årsmøtet sitt vedtak. Styremedlemmene vert valde for 2 år. Attval kan finne stad. Styret konstituerer seg sjølv.

Styret sine oppgåver er:

  • Vera ansvarleg for dagleg leiar.
  • Vurdera og godkjenna søknader om opptak av nye medlemsbedrifter i foreninga
  • Oppnemna etter behov komitear/utval/personar for spesielle oppgåver og utarbeide instruks 
for disse.
  • Vedta budsjett og følgje opp budsjett
  • Administrere og føre nødvendig kontroll med MCT sin økonomi i samsvar med dei til ei kvart 
tid gjeldande instruksar.
  • Representere MCT utad.
  • Ansvarleg for den overordna Medlemsavtalen som regulerer forholdet mellom nettverket sine deltakarar i forskings- og utviklingsprosjekt som skjer i regi av MCT Styret skal ha minimum fire møter pr. år.

§ 9 Leiing av organisasjonen
Organisasjonen skal ha ein dagleg leiar som er organisasjonen sin kontaktperson. Instruks for dagleg leiar skal fastleggjast av MCT sine medlemmer gjennom organisasjonen sitt styre.

§ 10 Fagkomitear
Styret skal til ei kvar tid organisera arbeidet i MCT slik at medlemmene sine interesser vert ivaretekne så lenge desse interessene er i samsvar med organisasjonen sitt føremål. Styret skal difor oppnemna så mange fagkomitear som ein finn naturleg. Desse arbeider sjølvstendig og vert leia av sekretariatet. Fagkomiteane rapporterer til styret. Oppretting av nye fagkomitear skal godkjennast av styret.

§11 Protokollar
Det skal førast protokoll frå årsmøte og styremøte.

§ 12 Vedtektsendringar
Årsmøtet kan gjera endringar i vedtektene. Vedtaket må ha 2/3 fleirtal frå dei frammøtte representantane for å vera gjeldande. Dersom andre enn styret vil koma med framlegg om vedtektsendringar må dette gjerast skriftleg til styret innan 01. januar det året årsmøtet skal haldast. Ekstraordinært årsmøte skal kallast inn til etter same reglar som ordinært årsmøte.

§13 Oppløysing
Avgjer om oppløysing vert treft av årsmøtet og ekstraordinært årsmøte med minst 2 – to – vekers mellomrom. Avstemming skal vera etter reglane under §12. Alle omkostningar i samband med stiftinga skal dekkes av MCT, herunder registrering, kjøp
av protokoll, m.m.