Verdas største nynorskby, Stord, tildeler årets målpris til klynga vår. – Veldig kjekt at me blir lagt merke til, seier dagleg leiar Hege Økland.

NCE Maritime CleanTech er tildelt målprisen frå Stord kommune for 2016.

– Me diskuterte faktisk i styret for nokre år sidan om me skulle bruka bokmål eller nynorsk. Det var eit enkelt vedtak. Me representerer bedrifter i ein region der nynorsken er den mest brukte målforma. I tillegg bruker me ein del engelsk, sidan me jobbar internasjonalt, seier dagleg leiar Hege Økland til avisa Sunnhordland.

Godt førebilete for andre
I grungjevinga heiter det: “Verksemda som i år får målprisen for å nytta godt nynorsk, er ei moderne og framtidsretta verksemd som arbeider med innovative løysingar for energieffektive og miljø- og klimavenlege maritime aktivitetar.

Som namnet tilseier opererer verksemda i ein internasjonal marknad, der arbeidsspråket ofte er engelsk. Men når norsk skal nyttast, er nynorsk konsekvent brukt i presentasjonar og informasjon til samarbeidspartnarar og til publikum.

Verksemda har ei oversiktleg og informativ heimeside der nynorsk er konsekvent brukt, frå visjonar, verdiar og mål, til aktivitetskalender og nyheitsbrev.

Sidan NCE Maritime Clear Tech er ei maritim næringsklynge som samlar deltakarar frå rundt 60 ulike verksemder, er dei eit godt føredøme for andre verksemder i bransjen, både regionalt og på landsplan.

Verksemda tek også samfunnsansvar når det gjeld å gje tilbod til ungdom som kan vere interesserte i å utdanne seg innan havnæringane. Ved å nytte nynorsk er dei såleis med på å styrke den språklege og kulturelle identiteten til ungdom i distriktet. Språk og verdiforankring er viktig for alle som ynskjer å arbeide innan framtidsretta og klimavenlege innovasjons- og produksjonsmiljø.

NCE Maritime CleanTech er ei synleg kompetanseverksemd som tek målpolitisk ansvar og er såleis eit godt føredøme for andre.”