No items found.
Back to all events
25
 
June

Arendalsuka: Innovasjon på anbud - Kan vi bruke innkjøpsmakten til å løfte Norges omstillingsevne?

Staten handlar for over 740 milliardar kroner i året. Det som etterspørst, formar kva som blir utvikla – og kven som lukkast. Norsk næringsliv er i full gang med omstillinga. Norsk skipsfart og havteknologi ligg allereie i front internasjonalt, men utan eit heimemarknad som stiller krav og gir...

June 25, 2025

More info

Staten handlar for over 740 milliardar kroner i året. Det som etterspørst, formar kva som blir utvikla – og kven som lukkast. Norsk næringsliv er i full gang med omstillinga. Norsk skipsfart og havteknologi ligg allereie i front internasjonalt, men utan eit heimemarknad som stiller krav og gir føreseielege rammer, risikerer me å miste både fart og posisjon. Når det offentlege ikkje etterspør nye løysingar, stoppar også marknadsutviklinga opp.

For å lukkast med den grøne omstillinga må styresmaktene i større grad ta rolla som krevjande kunde og strategisk utviklingspartnar. Offentlege innkjøp må bli eit verktøy for å byggje innovasjon, styrke konkurransekrafta og sikre omstillinga det taktskiftet som trengst.

Kva skal til for at offentlege anskaffingar blir den drivkrafta dei kan vere? Korleis må regelverk, praksis og samspel mellom offentleg og privat sektor utviklast? Og korleis riggar vi marknadene for dei løysingane vi treng i åra som kjem?

Medverkande

  • Bent Martini, administrerande direktør, Havila Kystruten
  • Ada Jakobsen, administrerande direktør, Maritime CleanTech
  • Gunnar Larsen, administrerande direktør, HAV Group
  • Kristin Flornes, konserndirektør energi og teknologi, NORCE
  • Svein Terje Tveit, partner, Arntzen de Besche
  • Even T. Sagebakken, statssekretær, Fiskeri- og havministeren
  • Mirell Høyer-Berntsen, stortingskandidat, SV
  • Bjørn K. Haugland, administrerande direktør, Skift

Arrangør

  • Skift - Næringslivets klimaledere
  • Maritime CleanTech
No items found.

Stay updated

Don’t miss the latest updates on events, technology solutions, and industry trends. Subscribe to our newsletter today.

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

Other events

View all events
All events
HAVlunsj: Green shipping is setting sail!
20.08.2026
11:30
-
12:30
Bergen

HAVlunsj: Green shipping is setting sail!

ONS: Green shipping at a turning point - what will it take to reach net zero?
26.08.2026
13:45
-
14:30
Stavanger

ONS: Green shipping at a turning point - what will it take to reach net zero?

ONS: Young Professionals Arena
August 26, 2026
26
.
08
-
26
.
08
16:00
-
19:00
Stavanger

ONS: Young Professionals Arena