HAVlunsj: Green shipping is setting sail!
Wind propulsion is making a comeback in shipping, a century after the first Age of Sail. At this HAVlunsj seminar, learn more about how wind is helping the maritime industry cut its emissions.

More info and details
This in-person event will be held in Norwegian.
Hundre år etter at den første seglskutetida ebba ut, er segl tilbake i vinden. Over 100 store skip har i dag installert vingesegl, sugesegl, rotorsegl eller andre typar vindassistert framdriftsteknologi.
På denne HAVlunsjen får du høyre om to EU-finansierte initiativ for vindassistert framdrift – Awesome og Orcelle – og møte to selskap som er leiande i utviklinga.
Odfjell er eit av rederia som har tatt i bruk vindassistert framdrift for å kutte utslepp. Jan A. Opedal i Odfjell, som også deltar i Awesome-prosjektet, vil fortelje om deira erfaringar og perspektiv.
For å få best mogleg effekt av segla, må ein tilpasse ruta etter vindforholda. Solbjørg Apeland i StormGeo, ein av partnarane i Orcelle, vil presentere korleis dei utviklar løysingar for dette.
Vel møtt til sesongens første HAVlunsj!
Om HAVlunsj
HAVlunsj er ein serie med lunsjmøte i regi av VIS, Maritime Bergen, GCE Ocean Technology, NCE Seafood Innovation, Marineholmen og Maritime CleanTech.
HAVlunsj er ein uformell møteplass for havnæringane, med fokus på kompetanseheving og nettverksbygging. Vanlegvis arrangert nest siste torsdag i månaden i Thormøhlens gate 51 på Marineholmen (2. etg i VilVite).
HAVlunsjen er gratis og open for alle. Gratis lunsj til påmeldte.

Stay updated
Don’t miss the latest updates on events, technology solutions, and industry trends. Subscribe to our newsletter today.


