I tøff konkurranse med 18 andre næringsklynger har Maritime CleanTech West fått Aren
a-status for ein 3-årig periode. Totalt fekk 6 næringsklynger tildelt Arena denne veka. Dette
inneber at Maritime CleanTech West no får finansiell og fagleg støtte til å vidareutvikla klyngesamarbeidet innan maritim miljøteknologi. Totalt får ein gjennom Arena-perioden 6 mill. kr frå Innovasjon Norge sentralt, og i tillegg muligheiter for tilleggsfinansiering frå Innovasjon Norge i Hordaland.
I tett samarbeid med fleire av dei leiande maritime verksemdene i regionen har næringsutviklingsselskapet SNU v/ Hege Økland leia forprosjektet som no har resultert i Arena-status. Deltakarverksemdene har samla seg om felles mål og strategiar for Arena-prosjektet som skal styrkja konkurransekrafta til den petromaritime næringa på sørvestlandet ved utvikling av miljøteknologiske løysingar.
Gjennom Arena-programmet får Maritime CleanTech West tilført midlar til å vidareutvikla klyngesamarbeidet mellom verksemdene, og styrkja samarbeidet med forskings- og utviklingsmiljø.
Saman med styreleiar i Maritime CleanTech West, Ingve Sørfonn (Wartsila), mottok dei denne veka den offisielle tildelinga frå politisk leiing i KRD og NHD, saman med dei andre næringsklyngene som no blir tatt opp i programmet. Maritime CleanTech West har p.t. 12 medlemsorganisasjonar som representerer heile den maritime verdikjeda og viktige samarbeidspartnarar til desse.
Arenaprogrammet er eit nasjonalt program eigd av Innovasjon Norge, SIVA og Norges forskningsråd. Føremålet med Arena-programmet er å stimulera til auka innovasjon basert på samarbeid mellom verksemder, FoU og utdanningsmiljø og offentlege utviklingsaktørar. Les meir om Arena-programmet her.
Saman om demonstrasjon og profilering av ny miljøteknologi
Med Arena-status vil Maritime CleanTech West arbeida målretta med innovasjon og utvikling i klynga og dermed løysa ut fleire miljøteknologiprosjekt, -produkt og -tenester i verksemdene. Ny teknologi skal saman med eksisterande teknologi bli demonstrert, evaluert og profilert i felles demonstrasjonsprosjekt der næringsaktørar, FoU-miljø og offentlege utviklingsaktørar i klynga samhandlar. Ved at klyngeaktørane har samla seg om gjennomføring av felles demonstrasjonsprosjekt, får ein prøva ut ny og eksisterande teknologi i ein skala som gir tillit i marknaden.