Me har i tøff konkurranse med 145 andre søkjarar, fått tildelt midlar til gjennomføring av eit såkalla Designdrevet Innovasjonsprogram (DIP). Målsettinga med prosjektet er å utvikla eit heilt nytt energieffektivt og konkurransedyktig kystfartøy.

For å møta dagens og framtidas utfordringar i forhold til eit stadig aukande transportbehov, strengare miljøkrav og ein overbelastning av vegnettet, er det naudsynt å fornya og styrka konkurranseevna til kystflåten.

Dette Design Pilot-prosjektet er eit samarbeid mellom deltakerbedriftene i MCTW, FoU-miljøa i MCTW og designbyrået. Gjennom analyse- og idéfasar skal det utviklast eit heilt nytt konsept for skip i kysttrafikk med energieffektiv framdrift basert på fornybare energiformer og ”reine” fossile kjelder. Deltakarane sin ulike kompetanse og erfaringar vil bli utnytta i prosjektet. Prosjektet hadde kick-off 11. september, og vil bli sluttført våren 2014.

– Å få tildelt midlar frå Norsk Designråd vil bidra til at prosjektet får anledning til å bruka ein godt utprøvd metodikk, Designdrevet Innovasjonsprosess, som byggjer på brei medverknad frå ulike ressursar med industridesigneren som styrer og  visualiserer resultata undervegs. DIP-prosessen er svært godt eigna for næringsklynger slik som MCTW, då ein skaper samarbeid på tvers av ulike brukargrupper og miljø, fortel MCTW-prosjektleiar Hege Økland som gledar seg til å sjå kva resultat som kjem opp undervegs i prosjektet.