Stortingsvedtaket om å stille krav til låg- og nullutslepps- teknologi i utlysinga av ferjekonsesjonar, er viktig sett i eit miljø- og klimaperspektiv, men også sett i høve til å bidra til at den norske maritime klynga vert leiande innan utvikling av ny, framtidsretta teknologi.

NCE Maritime CleanTech har sendt innspel til korleis Statens Vegvesen bør gå fram for å få fram det beste som maritim industri kan tilby innan energieffektive og miljø- og klimavenlege løysingar.

Les heile brevet frå NCE Maritime CleanTech her: Innspel til Statens Vegvesen frå NCE MCT.