I skarp konkurranse med andre klynger, fikk NCE Maritime CleanTech tidlegare i år tildelt kr 2 millionar frå Innovasjonsramma til bedriftsprosjekt i klynga. Dette er ei ordning som møtte stor interesse frå klyngebedriftene, og no er midlane disponert og 8 prosjekt har fått støtte.

Midlane frå Innovasjonsramma var øyremerka tidlegfaseprosjekt og konseptutvikling. Det var stilt krav om at minst to bedrifter frå klynga skulle delta og prosjekta skulle vera innanfor NCE Maritime CleanTech sitt satsingsområde, nemleg energieffektive /låg og nullutsleppsløysingar til maritim sektor.

Denne type mobiliseringsordningar viser seg å fungera svært bra med tanke på å få fram nye prosjekt og løysningar i klynga. Prosjekta som har fått støtte vil tilføre klynga ny kompetanse og representerer nye satsingsområder innan grøn skipsfart. Målsettinga er at desse prosjekta i neste fase kan hente inn både privat og offentleg medfinansiering. Søknadsprosessen har vore enkel og Innovasjon Norge gjennomfører sjølve utbetalinga til bedriftene.

Desse prosjekta fikk tildelt støtte:

  • Nullutslippsferge – Wartsila Ship Design, Wartsila Norway, Fjellstrand og Høgskolen i Bergen
  • Utvikling av nye langt mer effektive konsept for arbeidsbåter for havbruk – Austevoll Marine Group, Anel og Servogear
  • Hybridisering av Atlantic Guardian   North Sea Shipping AS/ North Sea Commander AS
  • Konseptualisering batteriløsning skip – Westcon Power and Automation og Grenland Energy
  • AutoBattChange – Anel og Eker Sandvik
  • Tilrettelegging av bruk av hybridløsning i dynamisk posisjonering – Eidesvik
  • Reduksjon av støy og vibrasjoner i industri, bygg og anlegg – Polytec og Carl I. Amundsen
  • Elektrifisering av Osterøyfergen -Prototech AS