Folk måtte (nesten) stå på batteriseminaret me arrangerte saman med Sjøfartsdirektoratet i Haugesund i dag. Det heile resulterte i ein aktiv debatt om batteriutviklinga i maritim sektor.
Den maritime næringa i Noreg er leiande i utviklinga og bruk av batteri i skip, og for Sjøfartsdirektoratet er det viktig at denne kunnskapen blir utnytta og vidareutvikla. På det fullteikna seminaret hadde me samla deltakarar frå leverandør- og tenesteytarbedrifter, reiarlag, verft, klasseselskap, akademia og offentlege styresmakter.
Teknisk direktør Lasse Karlsen i Sjøfartsdirektoratet ønskte velkomen og uttrykte glede over å ha samla næringa for å diskutera sikkerheitsutfordringar med batteri. Deretter innleia vår mann, Nils Aadland, om den rivande utviklinga i batteriteknologien. Også Aadland uttrykte tidleg begeistring for samlinga: ”Her er verdseliten innanfor maritime batteriløysingar samla i eitt og same rom – dette er staden å vera i dag”.
Etter dette handla det meste om Sjøfartsdirektoratets utforming av nye reglar. Gjeldande regelverk er ikkje utarbeida spesielt med tanke på batterisystem som energidrivar på skip, og Jarle Jacobsen og Kolbjørn Berge presenterte utkast til rundskriv frå direktoratet. Batteri utgjer eit nytt moment om bord utan at det har følgd med oppdaterte reglar, og det er bakgrunnen for direktoratets arbeid. Samtidig presiserte dei at utviklinga går fort, og reglar kan fort vera utdaterte allereie kjapt etter innføring.
Det kom mange innspel frå salen, med ulike innfallsvinklar til problemstillingane, og denne direkte dialogen med næringsaktørane fekk Jacobsen til å slå fast: ”Dette er regelverksutforming på sitt aller beste”.
Målet med samlinga var å tydeleggjera dei utfordringane dei ulike aktørane har i møte med teknologiutviklinga – og få fram synspunkt frå ulike hald. Nils Aadland presiserte at slik erfaringsdeling er utslagsgivande: ”For norsk maritim industri er det utruleg viktig at me er i forkant på dette området”.
Alt i alt: alle var klokare då me skilte lag, og batteria er komne for å utviklast vidare i maritim sektor. Og dialogen held nok fram, iallfall i klynga vår – me er temmeleg sikre på at mange drog heim for å arbeida vidare med nye, spennande batteriprosjekt!