Etter måndagens havkonferanse blir det sommartreff på Statsraad Lehmkuhl for relevante aktørar frå politikk, næringsliv og akademia. NB! Arrangementet er fullteikna.
Måndag 30. mai opnar statsminister Erna Solberg regjeringas havkonferanse på Bryggen i Bergen. Her er mellom anna dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, invitert til å delta.
Sommartreff på Statsraad Lehmkuhl
I etterkant av konferansen blir det arrangert eit sommartreff for aktørar frå regionens havklynger og Havkonferansens deltakarar på Statsraad Lehmkuhl.
NCE Maritime CleanTech arrangerer treffet saman med NCE Seafood Innovation, Maritimt Forum Bergensregionen, GCE Subsea og Universitetet i Bergen.
Arrangementet på Statsraad Lehmkuhl vil samla ca. 275 personer, deriblant fiskeriminister Per Sandberg og næringsminister Monica Mæland. Arne Hjeltnes er konferansier. I tillegg til talar og nettverksbygging blir det buekorps og kadettar i mastene, og det blir servert både sjanti og fiskesuppe.