I Norden er det ulike politiske satsingar på grøn teknologi i skipsfarten. På Nordic Marina 31. mai utveksla me erfaringar på tvers av landa.
Saman med våre nordiske samarbeidspartnarar arrangerte me sist veke seminar om politiske initiativ i Norden for å redusera utslepp frå maritime aktivitetar.
Anita Mäkinen frå det finske trafikksikkerheitsverket (Trafi) snakka først om dei finske satsingane, deretter fortalde Anna Margrét Kornelíusdóttir om politikken på Island. Frå Noreg orienterte Sveinung Oftedal i Klima- og miljødepartementet om den norske utviklinga på området, mens Carl Carlsson frå Svensk Sjøfart fortalde om dei svenske erfaringane.
Skipsrevyen dekka seminaret vårt, og intervjua dagleg leiar Hege Økland: – Me har ulike tilnærmingar og tenker litt ulikt i Norden, men ønsker å dela erfaringar og læra av kvarandre.
Nordic Marina skal ha sin avsluttande konferanse på Island til hausten, då blir ein einige om kva anbefalingar som skal overrekkast politikarane i Nordisk Råd.