Me var nyleg med på Forskingsrådets ”idélab”. Det resulterte i at klynga no er med i nytt forprosjekt som får 1 million kroner i støtte.

Målet med idélab er å få deltakarane til å tenka kreativt rundt omstilling og kunnskapsoverføring mellom havnæringar.

I byrjinga av juni samla Forskingsrådet ulike deltakarar med ulik sektor- og fagkunnskap til tre dagar med aktiv ideutveksling på tvers. Prosjektleiar Nils Aadland deltok på vegner av klynga. Siste dagen enda det opp med at Forskingsrådet innstilte støtte til nokre få konkrete idear. Les også Forskingsrådets omtale av samlinga.

1 million i støtte
Saman med representantar frå fleire norske forskingsmiljø, enda NCE Maritime CleanTech opp som deltakar i eit forprosjekt kalla ”Mothership” som får 1 million kroner i støtte.

Prosjektet handlar om utviklinga av eit autonomt fartøykonsept og vil mellom anna inkludera aktivitetar innanfor sensorutvikling, systemintegrasjon, fartøydesign, energiløysingar og databehandling.