Samarbeidet mellom skule og næringsaktørar på Rubbestadneset er bra for både regionen og næringslivet. Det bør ikkje leggast ned.

Forslaget om å legga ned tilbodet ved Rubbestadneset vidaregåande skule har ført til uro i regionen vår. NCE Maritime CleanTech har åtvara mot å legga ned skuletilbodet i Rubbestadneset vgs.

Me meiner Fylkeskommunen heller bør satsa på å vidareutvikla dagens fag- og linjetilbod på Rubbestadneset, ein skule som forskarar nyleg har slått fast at held høgast kvalitet i landet.

Denne kvaliteten sikrar næringa vår kompetent arbeidskraft og skaper grunnlaget for samfunnsutviklinga i ein aktiv og framtidsretta region.

Framtidas kompetansebehov
NCE Maritime CleanTech representerer ein stor og variert industrisektor med mange spennande bedrifter. For at klyngeverksemdene våre skal lykkast er det særskilt viktig med eit godt utdanningstilbod, at skular som Rubbestadneset finst i regionen, og at kompetansen derifrå blir fordelt vidare ut i bedriftene.

På Rubbestadneset har dei lenge vist at dei har klart å vri utdanningane i tråd med framtidas kompetansebehov i næringslivet. Det tette samarbeidet mellom skule og næring har gitt elevane tilgang til ny teknologi og vist dei utfordringane som kan ventast.

Difor ber me fylkeskommunen om å forsterka og vidareføra eit unikt samarbeid mellom skule og næring.

Politisk behandling
Høyringa er avslutta og saka blir no førebudd til behandling i Fylkestinget i oktober.