Grøn energi og smarte løysingar for havbruksnæringa var tema hos Bremnes Seashore 30. august. Og NRK laga reportasje om samarbeidet vårt.
Me samla mange klyngedeltakarar hos Bremnes Seashore på Bømlo 30. august. Tema var grøne energiløysingar i havbruk.
Deltakarane fekk også omvising og innføring i planane til Bremnes Seashore, ein ny klyngedeltakar som ser stort potensiale i samarbeidet vårt.
NRK var også med, og her kan de høyra korleis eit klyngesamarbeid fungerer i praksis: Folk møtest på tvers av bransjar og dynamitt oppstår!