Har du ein idé som kan føra til innovasjon? Men du må berre finna ut av noko først? Då kan Forskingsrådet kanskje hjelpa deg. I dag hadde me prosjektverkstad.
Fleire klyngedeltakarar fekk nyttige tips om idé- og prosjektutvikling på verkstaden me arrangerte på Stord i dag. Mette Fagerli og Siren Marcussen Neset frå Forskingsrådet leia oss gjennom tre timar om korleis prosjekt bør strukturerast når ein skal søka støtte.
Tre viktige spørsmål å ha gode svar på
Kva skal du gjera? Kvifor skal du gjera det? Og ikkje minst: Kvifor er det nytt? Dette er tre viktige spørsmål du må kunna svara på i ein prosjektsøknad.
Regionansvarleg i Hordaland, Mette Fagerli, forklarte kvifor god struktur er så viktig: – I vurderinga av innovasjonsprosjekt har ekspertpanelet 45 minutt til å snakka saman om søknaden din. Viss du ikkje har struktur på søknaden så har du ikkje gjort det lett for panelet, og det er ingen fordel for deg.
På samlinga på Stord blei det vist fram to konkrete verktøy som kan vera til stor hjelp: Prosjektkanvas og Prosjektverkstad.