I dag har me hatt workshop saman med Patentstyret og Kluge Advokatfirma. Fleire klyngedeltakarar fekk nyttig kunnskap om korleis verdiar kan sikrast i næringslivet.
Patentstyret presenterte ulike former for immaterielle rettar, og korleis ein gjennom patentar og IPR kan sikra at ein tener pengar. Det er viktig å vita at når ein publiserer idear så kan dei stjelast. Då er det viktig at det formelle er på plass i forkant.
Deretter viste patentkontoret Zacco til forholdet mellom eiga verksemd og andres immaterielle rettar. Det blei ei viktig innføring i korleis ein skal forholda seg til patentrettar som avgrensar eiga forretningsutøving.
Til slutt fortalde advokatar frå Kluge advokatfirma om avtalas (heilt sentrale) rolle ved sikring og forvalting av bedriftens IPR, som for eksempel tilsetjingsavtalar, konfidensialitetsavtalar, konsortiumsavtalar eller underleverandøravtalar.
Etter samlinga fekk deltakarane ta opp aktuelle tema med innleiarane.