Tre av reiarlaga i klynga; Knutsen OAS, NorthSea Container Line og Solstad Offshore har i samarbeid med Uni Research gjennomført eit forprosjekt for å vurdera korleis ein kan bruka selskapa sine data for å få meir innsikt i fartøya sine operasjonar og energieffektivitet.
På det avsluttande prosjektmøtet som vart halde hos Knutsen OAS i Haugesund, presenterte Uni Research ved Klaus Johansen og Alla Sapranova resultata frå analysane som er gjort av eit mindre datasett frå kvart reiarlag.
Prosjektdeltakarane vurderer no vidareføring av prosjektet, der ein hentar inn større datamengder med målsetting om å skaffe auka konkurransekraft for det enkelte reiarlag.
Omtale av prosjektet: http://www.skipsrevyen.no/rederi-trio-i-forskersamarbeid-om-big-data/