Klyngeverksemder kan enno melda seg på Global Growth-programmet, som denne gangen tek for seg Canada og USA. Me har snakka med Innovasjon Norge sin rådgjevar i Canada om kvifor ein burde gripa denne eksklusive sjansen.

Nett som i Norge har ein i delar av Nord-Amerika eit sterkt fokus på gjera skipsfarten grønare. Det skapar eit stort potensial for norske verksemder der. Difor har NCE Maritime CleanTech og Innovasjon Norge jobba målretta for å danna og styrka alliansar på tvers av Atlanteren.

– Skal me nå ut i verda med norsk teknologi må me treffa avgjerdstakarar og sjå på prosjekta deira. Forstår me marknaden betre, aukar våre sjansar til å lukkast. Me ynskjer å treffa nye verksemder og styrka banda me etablerte sist me var der, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.

Skreddarsydd program

NCE Maritime CleanTech vil plukka ut maksimalt ti verksemder til å vera med på Global Growth-programmet til Innovasjon Norge. Allereie 1. november startar førebuingane med første samling her heime. Turen til USA og Canada vert gjennomført i fyrste kvartal 2019.

– I Canada har me lagt opp til ein møteplan der verksemdene møter dei rette folka og sett dei stand til å finne forretningsmoglegheiter for selskapa sine. Me kjem til å sjå spesielt på område der klyngedeltakarane har sine styrkar, til dømes elektrifisering av fartøy og grøne hamner, seier seniorrådgjevar innanfor energi og miljø i Innovation Norway Canada, Alana Prashad.

FILM: Her fortel Alana Prashad kvifor nett din verksemd bør vera med!

Eventet finn du i kalenderen vår her.

Hydrogen og karbonfangst

Ho trur verksemdene i dei to landa vil ha gjensidig nytte av kvarandre, og nemner at dei canadiske selskapa har mykje kunnskap om hydrogen og brenselceller og karbonfangst, – bruk og -lagring.

– For nokre av klyngeverksemdene ein slik tur gi nye forretningsmoglegheiter. Mens for andre kan det vera snakk om å finna strategiske samarbeidspartnarar, seier Prashad.

Ho kjenner verksemdene i NCE Maritime CleanTech godt og har vore på fleire klyngesamlingar, så seint som i Rosendal i juni.

– Det var nyttig å driva relasjonsbygging og ha uformelle samtaler med klyngeverksemdene. Jo meir eg veit om deira kapasitet og ambisjonar, desto enklare vert det å matche dei med dei rette verksemdene i Canada, seier ho.

Les meir om Global Growth her.

Ta kontakt med haavard@maritimecleantech.no for meir informasjon eller for å melda deg på!