I månadsskiftet offentleggjer Statens vegvesen kva for reiarlag som får kontrakten på verdas første hydrogenferje. Ei rekkje klyngedeltakarar er involvert i dei ulike konsortia.
Med i kampen om det historiske hydrogenanbodet på sambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik i Ryfylke finst både reiarlag og teknologileverandørar frå NCE Maritime CleanTech.
– Dette viser at klynga har verksemder er langt framme innan mogleggjerande teknologiar for ein grønare skipsfart. I tillegg til teknologiverksemder har me òg reiarlag som vågar satsa på ny teknologi. Saman med ambisiøse vedtak frå styresmaktene gjer dette at me i Norge vert fyrst i verda på å realisera bilferjer med hydrogendrift, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Kuttar 4000 tonn CO2 årleg
Sambandet på riksveg 13 i Rogaland får ei hydrogenelektrisk ferje som går 50 prosent på hydrogen og 50 prosent på batteri, i tillegg til ei ferje som vert heilelektrisk. Dette vil redusera CO2-utsleppa med 4000 tonn årleg. Statens vegvesen stadfester at avgjerda om kven som får utviklingskontrakta på hydrogenferja og operatøransvaret frå 2021 til 2030 kjem i månadsskiftet november-desember. Reiarlaga Norled, Fjord1 og Boreal Sjø vart inviterte til å levera anbod.
– Det har ikkje berre vore stor interesse frå reiarlag og teknologileverandørar, men det ser òg ut som dei evnar å få dette til. Det er mange som har jobba godt og effektivt med høgt tidspress sidan me inviterte til anbodskonkurranse i juni 2017, seier prosjektleiar Camilla Røhme i Statens vegvesen.
– Det har vore eit ganske langt førespel og eit tydeleg signal om at dette kjem, men tida frå konkurransegrunnlaget vart kjend og til ferjene skal seila i 2021 er relativt knapp. Eg er utruleg imponert over korleis norsk, maritim næring har kasta seg rundt for å bidra i dette prosjektet. Det same kan eg seia om Direktoratet for sikkerhet og beredskap og Sjøfartsdirektoratet, seier ho.
Imponert over hydrogenkonsepta
Statens vegvesen staka ut hydrogenkursen allereie i 2015, med ein leverandørkonkurranse om nullutsleppsteknologi. Året etter fylgde dei opp med ein tilsvarande konferanse som retta seg spesifikt mot hydrogen. I 2017 vart det arrangert ein dialogkonferanse med næringa om korleis ein skulle innrette anbodskonkurransen for å få dei beste konsepta på banen.
– Me hadde ikkje invitert deltakarane i konkurransen om å koma med tilbod om me ikkje trudde at det fanst gode konsept. I dialogfasen vart me òg trygge på at dette var realistiske konsept. Eg synest det er imponerande det eg har sett til no, seier Røhme, som førebels ikkje kan avsløra nokon detaljar frå dei tre konsortia.
Vegvesenet tek miljøansvar
Som ansvarleg for forvaltninga av det norske vegnettet, er Statens vegvesen si oppgåve å bidra til trygg, effektiv og miljøvennleg ferdsel langs norske vegar og ferjesamband.
– Det er difor Stortinget har bestilt dette prosjektet. Me har vist gjennom LNG-introduksjonen og naturlegvis el-ferjene at me evnar å bringa teknologien frå pilot til kommersielt produkt, seier Camilla Røhme.