Regjeringa sin nye handlingsplan for grøn skipsfart vart lagt fram i dag. – Planen inneheld nokre gode verkemidlar og tiltak, men innanfor fleire sektorar er den ikkje ambisiøs og konkret nok, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
I Granavolden-plattforma har regjeringa sett ein ambisjon om å halvera utsleppa frå innanriks skipsfart og fiske innan 2030, og å stimulera til null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøyskategoriar. Klyngepartnarane i NCE Maritime CleanTech sin forventning til planen som var lagt fram i dag var ein tydeleg og konkret plan for alle sektorar, som styrer skipsfarten mot oppfylling av denne ambisjonen.
Klyngeadministrasjonen var til stades då Statssekretær i Klima og miljødepartementet, Atle Hamar (V) og Liv Kari Eskealnd frå energi- og miljøkomiteen la fram planen i Bergen i dag, og reaksjonen på regjeringa sine tiltak var blanda.
– Det er veldig positivt at regjeringa har lytta til fylkeskommunane, og innføringar ordningar og løyvingar som gjer dei i stand til å investera i utsleppsfrie hurtigbåtar. Dette vil også ha betydning for andre sektorar, med tanke på at hurtigbåtane vil bidra til å få opp ei forsyningskjede for hydrogen i Norge, seier kommunikasjonssjef i NCE Maritime CleanTech, Marie Launes.
Eit anna viktig tiltak er eit nytt Barometer for grønn omstilling i skipsfarten, som viser status for implementering av lav- og nullutslippsteknologi, både i dagens flåte og kva utvikling me kan forventa dei neste åra basert på ordreboka for den norske flåten. Vidare er regjeringa klar på at dei jobbar konsekvent med å gjennomføra 2026-vedaket om utsleppsfrie verdsarvfjordar.
Launes meiner likevel planen på nokre område ikkje leverer på industrien sitt ønske om konkrete krav og tidsfristar.
– Den norske maritime klynga har vist at konkurransekrafta vår vert styrka når me blir utfordra og stilt overfor ambisiøse krav. Planen viser også sjølv til at skipsfarten sitt grøne skifte går for seint. Difor er me skuffa over at regjeringa for mange sektorar legg opp til nye vurderingar og utgreiingar, og ikkje kjem med konkrete mål og krav – for eksempel til oppdrettsbåtar og offshorebåtar. Her er teknologien for å gjera desse båtane grønare moden og godt utprøvd i dag, noko som gir potensiale for raske utsleppsreduksjonar, seier Launes.
Handlingsplanen greier ut regjeringa sin politikk innanfor dei ulike fartøyskategoriane hurtigbåtar og ferjer, cruiseskip, lasteskip, offshorefartøy, oppdrettsfartøy, fiskefartøy og fritidsbåtar. Den skal jobba saman med to andre handlingsplanar som vert lagt fram i nær framtid; handlingsplan for fossilfri kollektivtransport og handlingsplan for infrastruktur for alternative drivstoff i transportsektoren.
PS: Regjeringa har vedtatt at CO2 utgifta skal aukast med 5 % årleg frå 2020. På måndag 24. juni er det forventa at statsministeren kjem med meir informasjon om eit CO2-fond, og korleis ei slik ordning skal innrettast.
Regjeringas handlingsplan for grøn skipsfart kan du lesa her.