Rett botnsmøring kan senka både driftskostnader og energiforbruk. Men må effekten av botnstoffet gå på kostnad av miljøet? Det har masterstudent Kristina Storegjerde Skogen sett nærare på.

For nokre år sidan blei det oppdaga at den elektriske ferja MF «Ampere» auka energibruken med heile 20 prosent på grunn av groe på skroget.

– Eit reint og glatt skrog skal ikkje undervurderast. Det såg vi på den stadig aukande energibruken. Det blir veldig tydeleg på ei el-ferje» fortalde Sigvald Breivik, teknisk direktør i Norled til pressa.

Begroing på fartøy har vore eit problem heilt sidan dei første båtane blei sett på sjøen, endå er det eit heitt tema. Sidan det skadelege botnstoffet TBT blei ulovleg i 2008, har det blitt forska mykje på emnet. Forskinga har resultert i heilt nye typar miljøvenlege botnstoff basert på flurpolymer. Dømet med MF «Ampere» viser at behovet for eit effektivt og miljøvenleg botnstoff vil auka i takt med talet på elektriske fartøy.

Stor miljøeffekt

Masterstudent ved HVL, Kristina Storegjerde Skogen, har dei siste vekene vore i praksis hos NCE Maritime CleanTech. I ei semesteroppgåve har Skogen sett nærare på korleis reiarlag kan spara både miljøet og pengar ved å velja rett botnstoff. Semesteroppgåva gir eit innsyn i både begroingsproblematikken på elektriske fartøy og ulike kjemikaliar i botnstoff, i tillegg til deira skade på det marine miljøet, innovasjon og korleis utviklinga har vore innanfor botnsmøring.

Oppgåva tek føre seg botnstoff som allereie finst i marknaden, og nye typar under utvikling. Skogen har også undersøkt om effekten av botnstoffet må gå på kostnad av miljøaspektet; kva typar kjemikaliar er uønskt i botnstoff, og kva er årsaka til dette?

Masterstudent ved HVL, Kristina Storegjerde Skogen, har dei siste vekene vore i praksis hos NCE Maritime CleanTech. I ei semesteroppgåve har Skogen sett nærare på korleis reiarlag kan spara både miljøet og pengar ved å velja rett botnstoff.

Soleklar favoritt

– I oppgåva konkluderer eg med at det finst eit botnstoff som tydeleg skil seg frå konvensjonelle botnstoff. Botnstoffet er superglatt og gir mindre friksjon. Det blir heller ikkje polert vekk under segling, noko som fører til at ingenting hamnar i havet. Stoffet inneheld heller ikkje kopar eller biocider, seier Kristina Storegjerde Skogen.

Botnsmøring på elektriske fartøy er eit høgst aktuelt tema og me i klyngeadministrasjonen er opne for å bistå i nye klyngeprosjekt som omhandlar dette. Ta kontakt med oss dersom du ønskjer å diskutera slike aktivitetar med oss.

Her kan du lesa heile semesteroppgåva til Kristina Storegjerde Skogen.