Det nærmar seg ny offentleg konkurranse for utvikling av framtidas hurtigbåtar. Detaljar i dei komande krava og finansieringsmodellar er no klare.

I 2019 gjennomførte fleire fylkeskommunar eit samarbeidsprosjekt med mål om å utvikle utsleppsfrie hurtigbåtar. Desse skulle settast i drift i 2022, men grunna utsetjing er det no etablert eit nytt delprosjekt: Framtidas hurtigbåtar 2.

Krav og finansiering i konkurransen

Denne gongen skal bygginga starte i tredje kvartal av 2024, og designkonkurransen skal delast i tre fasar. Det er no klart kva som blir krava i første del av konkurransen, og det kan veljast opp til ti leverandørar eller konsortium innleiingsvis. Fylka vil finansiere opptil 85 prosent av kostnadane til desse, og for alle tre fasane er det satt ei finansieringsgrense på 16,5 millionar kroner.

Krava til fartøyet er blant anna ein minstereduksjon på 30 prosent av energiforbruket til dagens hurtigbåtar i kommersielt bruk. Det blir også stilt krav til at fylling av drivstoff ikkje skal overskride ein halvtime til kai. Rekkevidda må ligge mellom 40 og 80 nautiske mil. Fart er på 30 til 40 knop, og hurtigbåten skal romme 150 til 180 passasjerar.

Utlysing klar i september

Den første konkurransen skal lysast ut i september 2021. Det er fylkeskommunane Trøndelag, Vestland, Nordland, Troms og Finnmark som står bak utlysinga. Meir informasjon her.

Vidare har Trøndelag fylkeskommune eit tilleggskonsept kor dei har bedt om tilbod som kan supplera framtidas hurtigbåtar. Her er det snakk om konseptutvikling av mindre båtar som skal kunne hente passasjerar frå meir avsidesliggande strøk og frakte dei til næraste hovudkai.

Komande hurtigbåtanbod i Trøndelag – ny sak i september

Sak om komande hurtigbåtanbod i Trøndelag skal sjåast i samanheng med utviklinga av framtidas hurtigbåtar. Her skal ny sak opp til politisk behandling i september. I plan for innfasing av nye fartøy, som var til behandling i juni, kjem det fram at det frå 2028 vil bli krav til nullutsleppsteknologi på rutene Trondheim-Vanvikan og Trondheim-Brekstad.

Framtidas hurtigbåtar og komande anbod er også tema på neste møte i Maritime CleanTechs politiske ressursgruppe.