Statens vegvesen inviterer 29. september til dialogkonferanse om digitalisering og automatisering av ferjesambandet Lavik – Oppedal.
Møtet blir gjennomført både digitalt og fysisk, enten via link eller på Oslo Kongressenter kl. 09:00-15:30.
Her ønskjer Statens vegvesen å bli presentert for konkrete, aktuelle løysingar innan digitalisering og/eller automatisering. Innspela skal rettast mot den neste store anskaffinga, som blir drifta av ferjesambandet Lavik – Oppedal på E39. Dagens kontrakt varer til 31.12.2024, med opsjon på forlenging med inntil eitt år.
Innovasjon på dagsordenen
Digitalisering og automatisering kan effektivisera framtidas ferjesamband, og bidra til utsleppsreduksjonar. Målet for dialogen er for Vegvesenet å forstå kva del av innovasjonen som ein kan forventa at marknaden leverer utan oppdragsgivars innblanding, og kva som krev tilrettelegging i form av anbodskrav, delt risiko, kontraktskrav og liknande.
Påmeldingsfrist er sett til torsdag 23. september, og det er allereie meldt stor interesse for deltaking frå ulike aktørar.
Oppdatert informasjon ligg på Doffin, medan påmelding kan gjerast her.