Maritime CleanTech er partnar i det EU-støtta TrAM-prosjektet. Nullutslepps-fartøyet “Medstraum” skal i drift allereie til neste år.

— Trøndelag fylkeskommune kan enda opp som ein bremsekloss i utviklinga og utrullinga av låg- og nullutsleppsteknologi i hurtigbåtsektoren, seier Hege Økland, adm. dir i Maritime CleanTech.  

Nyleg behandla fylkestinget i Trøndelag fylkeskommune saka ‘Mandat for utlysning av hurtigbåt og ferge 2024’. Den legg grunnlaget for nye hurtigbåtanbod frå 2024. I saka er det fleire punkt klynga peiker på at vil forsinke den ønska utviklinga og utrullinga av grøne løysingar i hurtigbåtsektoren.  

— Maritime CleanTech har dei siste ti åra arbeida med å leggja til rette for utvikling av låg- og nullutslepps hurtigbåtar. For ti år sidan var dette på konseptstadiet, men næringa har dei siste åra fått relevant erfaring og me ser med tydelegheit at våre partnarar no kan levera fullt operative låg- og nullutsleppsfartøy til dei fleste hurtigrutesamband i Norge, seier Økland.  

Maritime CleanTech erfarer at opprettinga og utviklinga av ein heimemarknad for låg- og nullutsleppsteknologi for hurtigbåter vil bidra til utsleppskutt, innovasjon, og eksportmogelegheiter for norske selskap langs heile kysten. Dersom skipsfarten skal nå norske og internasjonale utsleppsmål må ein jobba raskt og målretta, og det er naturleg at ein startar med fartøy i ruter som kan elektrifiserast. Parallelt må ein arbeida med andre energibærarar for dei lengre rutene. Hurtigbåtanbud er ein effektiv måte å støtte dette arbeidet.  

Den nye regjeringen viser via Hurdalsplattformen og i føreslegne statsbudsjett for 2022 at dei ønskjer å bidra med økonomisk støtte til overgangen til låg- og nullutsleppsteknologi i hurtigbåtsektoren. 

— Ifølgje Paris-avtalen skal Noreg redusera sine utslepp frå innanriks skipsfart med 50% innan 2030. At Trøndelag fylkeskommune vel å sjå vekk frå dette gir eit svært dårleg signal. Reiarlaga risikerer å sitta igjen med fartøy som ikkje har ein sekundærmarknad, seier Økland.  

 Maritime CleanTech oppmodar difor Trøndelag fylkeskommune til å forsterka utsleppsambisjonane og har følgjende konkrete innspel: 

 Nullutslepp er mogeleg på fleire ruter frå i dag. Batteridrift er ein moden og effektiv teknologi som bør nyttast så langt det let seg gjera. For dei lengste rutene kan andre energiberarar vurderast.  

  • Særleg meiner våre partnarar at ruta Osen og Trondheim-Vanvikan er fullt mogeleg å elektrifisera no. 
  • Ny teknologi vil bli tilgjengeleg i løpet av kontraktsperioden. Fylkeskommunen bør gi tilstrekkeleg klimaincentiv, CO2-bonus, for at denne teknologien blir implementert. Det er viktig at fartøya blir designa i dag for å kunne ha den naudsynte fleksibiliteten til å ta om bord ny teknologi i kontraktsperioden.  
  • Teknologinøytrale utsleppskrav, anbod og verkemidlar er naudsynt for å støtta den ønska omstillinga i hurtigbåtsektoren. Fylka bør uansett nytta tildelingskriterier som premierar lågast mogelege CO2-utslepp heilt opp til utsleppsfri løysing. Då vil tilbydar sjølv vurdera om slik teknologi er «anbodsmoden».  
  • Anboda må innehalda funksjonskrav, ikkje spesifikasjonskrav. Industrien lyser innovasjonen. Men, oppdragsgjevar må kreva dokumentert løysning med tilhøyrande ytingar levert som del av tilbod og ei anvende tredjepartsevaluering for å bekrefta tilbydd energiforbruk og utsleppstal før tildeling. 
  • Hydrogen vil bli eit alternativ på lange og mer energikrevjande ruter, og teknologien vil vera klar innan 2026. Merk at den første ferja med flytande hydrogen som energiberar skal i drift allereie i 2022 på oppdrag fra Statens Vegvesen. Fleire større industrielle aktørar har og konkrete planar for produksjon og distribusjon av hydrogen til maritim sektor. 
  • Det er viktig at ein raskt opprettar ei relevant pilotrute som viser at nullutslippsteknologi på lengre ruter er mogeleg. Det kan være lurt at reiarlaga konkurrerer om konsept og at også denne konkurransen er nøytral med tanke på energiberar.