Sjøfartsdirektoratet og NCE Maritime CleanTech har ein historie med tett og god dialog i forbindelse med utviklinga av nye fartøykonsept. No vert samarbeidet styrka ytterlegare.
Sjøfartsdirektoratet er eit forvaltningsorgan underlagt Nærings- og handelsdepartementet og Miljøverndepartementet, og ein viktig og sentral aktør for å ivareta og legge til rette for utvikling av maritim verksemd. Direktoratet har myndigheitsansvar for arbeidet med sikkerheit for liv, helse, miljø og materielle verdiar overfor norskregistrerte skip og utanlandske skip som legg til norske hamner.
Sjøfartsdirektoratet er også i gong med å byggja eg opp eigen kompetanse på nye drivstoff, blant anna hydrogen og brenselceller, og utgjer difor eit viktig kompetansemiljø for klynga.
Fire nye deltakarbedrifter i juni
Klynga opplever stor interesse frå nye partnerar for tida. På styremøtet i juni vart fire nye medlemssøknader godkjend, og i tillegg til Sjøfartsdirektoratet kan me ynskja Hagland Shipping, Palantir og Solbære velkommen i klynga.
– Hagland Shipping
Hagland Shipping held til i Haugesund, og er eigar og operatør av elleve skip som opererer innanfor industriell skipsfart i Nordsjøen og Østersjøen. Skipa fraktar last som tømmer, flis, stein, grus, kull, salt, koks og kalkstein. Hagland har gjennom fleire år samarbeida med ulike aktørar for å finna fram til framtidsretta løysingar som kan gi gevinstar innan miljø, drivstofforbruk og drift, samt sikra påliteleg og sikker operasjon.
– Palantir
Palantir er ein marknadsleiande leverandør av IT- og kommunikasjonsløysingar til den maritime industrien, og løysingane deira er i dagleg bruk i tusenvis av skip over heile verda. Selskapet sitt hovudfokus er å levera brukarvennlege system, som både reduserer driftskostnader og skadeleg miljøpåverknad. Selskapet har hovudkontor på Stord, og har eit avdelingskontor i Singapore.
– Solbære
Solbære AS er ein leverandør av innovative og komplette solcelleløysingar til både bedrifter og private. Selskapet held til i Bergen i ei grøn klynge saman med Green Stat og fleire andre grøne gründerar. Solbære har og eit tett samarbeid med Høyskolen på Vestlandet, Fagskolen i Hordaland og Geofysisk Institutt ved Universitetet i Bergen.