2019 vart eit år med eit all-time-high aktivitetsnivå i NCE Maritime CleanTech. I løpet av året sette me og partnarane våre i gang heile 30 ulike innovasjonsprosjekt. 

I 2019 vart det igangsett og jobba med heile 30 ulike innovasjonsprosjekt i klynga.
I 2019 vart det igangsett og jobba med heile 30 ulike innovasjonsprosjekt i klynga.

Dei nærmaste åra skal avgjera om me klarar det raske og omfattande energiskiftet som må til for at skipsfarten skal nå sine klimamål, og at verda kan nå 1,5 graders målet. NCE Maritime CleanTech kan, og ønskjer, å vera ei viktig brikke i dette arbeidet.

– Mange reiarlag legg no planar for korleis dei skal nå IMO-målsetninga om klimagassutslepp. Dette arbeidet kan vera krevjande, på grunn av stor usikkerheit rundt blant anna teknologival. Det er difor utruleg viktig at NCE Maritime CleanTech legg til rette for at medlemsbedriftene fortset å utvikla og demonstrera låg- og nullutsleppsløysingar for skipsfarten, seier styreleiar Bjørn Sundland.

Norske løysingar ut i verda
Internasjonalisering er eit viktig satsingsområde for NCE Maritime CleanTech. Også i 2019 jobba klynga aktivt og målretta for å opna nye marknader og hjelpa klyngepartnarane ut i verda. Dette arbeidet har blant anna resultert i tre EU-prosjekt, som har fått stor merksemd over heile verda.

Under Nor-Shipping i Oslo i juni signerte me også ein avtale med den amerikanske klynga Washington Maritime Blue, som er oppretta etter initiativ og modell frå klyngesamarbeidet i NCE Maritime CleanTech. Avtalen skal leggja til rette for fleire samarbeidsaktivitetar på tvers av bedrifter og landegrenser.

Stor innovasjonsaktivitet
Ein av dei viktigaste styrken til NCE Maritime CleanTech og våre partnarar er evna til å få opp nye innovasjonsprosjekt som svarar på konkrete samfunnsutfordringar. I 2019 vart det igangsett og jobba med heile 30 ulike innovasjonsprosjekt i klynga. Samla henta me inn 196 millionar kroner i prosjekttildelingar i løpet av året.

Me har no publisert vår årsmelding, der du kan lesa meir om klynga, våre innovasjonsprosjekt og dei viktigaste hendingane i 2019.