Norske verft, utstyrsprodusentar og tenesteleverandørar skal posisjonerast for å eksportera låg- og nullutsleppsløysingar for maritim passasjertransport i Sør-Europa. Innovasjon Norge og Maritime CleanTech inviterer maritime aktørar til å bli med på vekstprogram i 2023-24.
Norske bedrifter leverer løysingar i verdsklasse til eit stort spekter av fartøytypar innan låg- og nullutsleppsløysingar til skipsfarten.
– Dei norske løysingane og teknologiane rundt er svært innovative, modne, velprøvde – og ikkje minst eksportklare. Den grøne omstillinga i Frankrike akselererer, og timinga for eit styrka norsk engasjement er difor god, seier Stephanie Volpe, frå Innovasjon Norge sitt Paris-kontor.
Innovasjon Norge og Maritime CleanTech inviterer no til eit dedikert program retta mot den franske marknaden, og opptil ti norske bedrifter blir tatt opp i programmet som startar i oktober i år. Søknadsfristen er 22. september.
Registrer di interesse for deltaking i Global Growth: Green Maritime France 2023-24 her.
Utsleppsfri passasjertransport
Programmet er målretta norske leverandørar knytt til grøne teknologiar for ferjer, hurtigbåtar, turistfartøy, autonome bybåtar, samt ladesystem og landstraumløysingar (inkludert autonome batteribyttesystem).
Ressursar frå Innovasjon Norge i Frankrike og Noreg, Noregs ambassade i Paris, Eksfin, Fransk-Norsk Handelskammer, relevante klynger og andre samarbeidspartnarar skreddarsyr programmet og bistår deltakarane etter behov.
– Me opplever ei sterk interesse frå Sør-Europa og Frankrike for det som skjer i grøn maritim næring i Noreg. Dette er verkeleg ei unik mogelegheit om ein har ambisjonar om å komma seg inn på den franske marknaden med grøne løysingar. Her vill ein få kjennskap til marknaden, møta aktørar og ikkje minst styrka kompetansen som trengst for å lukkast ute, seier Håvard Tvedte.
Store mogelegheiter
Deltakarbedriftene vil få vera med på fleire marknadsbesøk til relevante regionar, bedrifter og miljø i Frankrike. Ein vil også få eksklusiv rådgiving knytt til marknadsrapportar og innsyn i kommande anbodskonkurransar.
I løpet av prosjektperioden vil det bli arrangert fleire workshoppar, og kvar deltakande bedrift vil få 15 timar med 1:1-rådgiving.
– Interesserte bedrifter vil få meir informasjon på eit webinar 15. september. Påmeldingsfristen om ein ønskjer å vera med på prosjektet er 22. september. Her gjeld det å vera snar om ein ønskjer å gripa denne mogelegheita, seier Stephanie Volpe.
Deltakaravgifta er på NOK 30.000 for SMB-ar, og NOK 50.000 for store verksemder.
Initiativet er ein del av Innovasjon Norge sitt High Potential Opportunities-program (HPO) for store eksporttiltak.
Registrer di interesse for deltaking i Global Growth: Green Maritime France 2023-24 her.
Påmelding webinar 15. september her.
Har du spørsmål om deltaking på programmet? Kontakt prosjektkoordinator Alv Øidvin i Maritime CleanTech, (alv@maritimecleantech.no).