Me kan no ynskja reiarlaget Misje Rederi velkommen til klynga.

Misje Rederi AS er basert i Bergen og opererer 13 lasteskip som hovudsakleg seglar mellom Norskekysten og Europa. Reiarlaget leier for tida eit prosjekt som skal utvikla løysingar for eit kostnadseffektivt lågutsleppskonsept for framtidas bulkskip. Dei har vidare som mål å bruke resultata frå dette prosjektet til å starta bygginga av ein serie skip for å fornya eigen flåte.

Me ynskjer selskapet velkommen til klynga, og ser fram til mykje spanande samarbeid framover!