Personvernerklæring for NCE Maritime CleanTech

Personvernerklæringa skal sikra at verksemder som er medlem i organisasjonen NCE Maritime CleanTech er informert om kva opplysningar som blir samla inn og lagra om medlemmene. Personvernerklæringa inneheld opplysningar om korleis me nyttar personopplysningar, kven som er ansvarleg og korleis me sikrar våre medlemmer sine rettar ihht. oppdatere reglar i personlovgivnaden av 25. mai 2018.

1. Behandlingsansvarleg i NCE Maritime CleanTech (MCT)

MCT, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for organisasjonen sin behandling av personopplysningar.

2. Formål med behandling av personopplysningar

MCT lagrar personopplysningar om medlemmer for å gjennomføra vårt mandat som organisasjon som arbeider for meir miljøvennlege løysingar innanfor maritime aktivitetar (ref. avtale for medlemskap i MCT). MCT nyttar personopplysningar om medlemmer til å kunne å gi informasjon, tilbod og tenester knytt til medlemskap.

3. Personopplysningar som blir lagra:

  • Kontaktinformasjon: Namn, e-post, adresse og telefonnummer blir lagra i eit dokument i MCT sin interne database slik at organisasjonen kan komma i kontakt med medlemmer.
  • Nyheitsbrev: MCT sender ut fleire nyheitsbrev per månad via e-post. E-postadresser vert lagra i ein eigen database og vert ikkje delt med andre. Abonnement på nyheitsbrev kan enkelt avsluttast. Då blir e-postadressa sletta frå databasen.
  • Nettsida: På MCT sine nettsider kan medlemmer sjølve registrera seg for å få tilgang til meir informasjon. I samband med denne registreringa blir opplysningar som namn og e-postadresse lagra på ein lukka database på nettsida.
  • Søknadar til utviklingsprosjekt: MCT arbeider med søknadsutvikling for fleire verksemder i klynga og lagrar med det personopplysningar som namn, e-post og telefonnummer til kontaktpersonar i bedriftene. Søknadar blir lagra i MCT sin interne database etter innlevering, kor tilsette i MCT sin administrasjon har tilgang.
  • Liste over seminardeltakarar: Når representantar frå medlemsbedrifter melder seg på arrangementet som vert arrangert av MCT, lagrast informasjon til bruk for organisasjonen for å kunne koordinera arrangementet. Informasjon blir lagra på MCT sin interne database utan innsyn for andre enn tilsette i klyngeadministrasjonen.

4. Grunnlag for behandling av personopplysningar

Grunnlaget for MCT sin lagring av personopplysningar som namn, adresse, telefon og e-postadresse er for å oppfylla vårt mandat ihht. medlemsavtalen og vår visjon/målsettingar som organisasjon. 

5. Innhenting av personopplysningar

Maritime CleanTech lagrar personopplysningar du har gitt til tilsette i Maritime CleanTech i høve til ditt medlemskap i klynga. Me innhentar opplysningar for å sørga for god oppfølging av deg som klyngebedrift og sikra at organisatoriske mål blir oppnådd 

6. Lagring av personopplysningar

Personopplysningar blir lagra på vår interne database, kor berre tilsette i klyngeadministrasjonen har tilgang.

7. Utlevering av personopplysningar til tredjepartar

MCT utleverer ikkje personopplysningar til andre aktørar utan at me har orientert om dette i forkant. Me utleverer personopplysningar til Innovasjon Norge i forbindelse med rapportering, men då blir klyngebedrifter orientert om dette og grunnlaget for delinga av opplysningar.

8. Sletting av personopplysningar

Opplysningar me har motteke når det gjeld ei bedrift sitt medlemskap i MCT blir lagra i vårt medlemsregister, så lenge bedrifta er aktivt medlem. Ved utmelding av klynga blir desse opplysningane sletta.

Opplysningar som me etter bokføringslova er forplikta til å ta vare på vil bli lagra i inntil fem år. 

9. Rettar for den registrerte

MCT vil handtera personopplysningar ihht personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Ein kan krevja innsyn i eigne personopplysningar, i tillegg til å krevja retting eller sletting av opplysningar.

Dersom ein meiner at MCT handterer opplysningar i strid med reglane, kan ein klaga til Datatilsynet.

10. Informasjonssikkerheit

MCT sørger for at personopplysningar blir sikra på ein intern database som berre tilsette i klyngeadministrasjonen har tilgang til. Våre system er sikra med passordbeskyttelse, og datautstyr er godt sikra slik at uvedkommande ikkje har tilgang.

11. Kontaktinformasjon

Spørsmål om personopplysningar som er registrert, sletting og retting kan sendast til følgjande adresse: