Me ønskjer vår nye kommunikasjonskonsulent Marius Knutsen velkommen til klyngeadministrasjonen!

NCE Maritime CleanTech har tilsett Marius Knutsen i stillinga som kommunikasjonskonsulent frå 1. oktober. Marius vil i hovudsak jobba med innhaldsproduksjon for NCE Maritime CleanTech sine ulike kanalar.

Marius er utdanna fotojournalist, og har lang erfaring som journalist og fotograf frå Sunnhordland og VG. Han har vunne prisar for blant anna årets lokalavisfoto og årets digitale nysatsing innanfor avisbransjen.

–   Me er svært glade for å ha fått Marius med på laget. Han er ein erfaren fotograf og journalist, som vil bidra til å løfta innhaldet i våre kanalar endå eit hakk, seier dagleg leiar i klynga, Hege Økland.

Marius vil også tilby sine tenester, som foto og videoproduksjon, til klyngepartnarane.

–  Vår  kommunikasjonsavdeling skal vera ein ressurs for medlemmane, som kan hjelpa dei  til å nå ut i sterkare grad med sitt bodskap. Dersom klyngebedriftene ønskjer å nytta våre kommunikasjonsressursar kan ein leige Marius inn på timebasis til for eksempel produksjon av video og marknadsføring av eigne aktivitetar, seier Økland.