Dette viser at arbeidet me gjer innan utvikling av grøne løysingar til havnæringane blir sett pris på, seier Hege Økland.
Denne veka blei det klart at arbeidet til næringsklynga NCE Maritime CleanTech blir trekt fram i statsbudsjettet for 2020 gjennom ein merknad. Bakgrunnen for merknaden er organisasjonen si viktige rolle innan det grøne skiftet i skipsfarten.
NCE Maritime CleanTech samlar over 100 partnarar frå heile den maritime verdikjeda og energisektoren. Klyngeorganisasjonen initierer og legg til rette for samarbeid mellom klyngepartnarane, og arbeidet har resultert i ei rekke nye løysingar og skipstypar som reduserer skadelege utslepp til luft og sjø. Fleire av klynga sine prosjekt har også vore banebrytande når det kjem til å ta i bruk nye energiberarar om bord i skip.
– Grøn skipsfart er eit av regjeringa sine satsingsområde for å kutta utslepp. Målet er også å leggja grunnlaget for ny næringsutvikling og eit framtidsretta næringsliv. Regjeringa ønskjer å framheva NCE Maritime CleanTech si viktige rolle for å få i gang det energiskiftet me treng i havnæringane, og for jobben dei gjer med å styrka konkurranseevna til den norske maritime klynga ute i verda, seier Tom-Christer Nilsen (H), medlem av Næringskomiteen på Stortinget.
– Me kan med rette seia at dersom me ikkje hadde hatt denne NCE-en, kan me vanskeleg sjå at Norge hadde hatt den posisjonen innan grøn skipsfart som me har i dag. Dette er svært viktig for det grøne skiftet og omstillinga me no skal gjennom, samstundes som det skaffar det maritime næringslivet vårt ein unik posisjon, seier Liv Kari Eskeland (H), medlem av Energi og Miljøkomiteen.
I merknaden heiter det:
«Flertallet anerkjenner at arbeidet som Maritime CleanTech har gjort til nå har vært viktig for tempoet i omleggingen til grønn vekst i medlemsbedriftene. Flertallet forutsetter at regjeringen legger til rette for at klyngen og arbeidet blir videreført.»
– NCE Maritime CleanTech har hatt mogelegheita til å arbeida med mobilisering og innovasjon gjennom deltaking i det nasjonale klyngeprogrammet. I slutten av 2021 fell basisfinansieringa vår vekk, noko som vil gjera det svært vanskeleg for oss å oppretthalda den arbeidsforma og posisjonen me har i dag. Denne merknaden kan bli viktig for å sikra det vidare arbeidet til klyngeorganisasjonen når basisfinansieringa fell vekk, seier Hege Økland, dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech.
– NCE Maritime CleanTech har vist korleis samarbeid mellom bedrifter og sektorar set fart på omstillinga. Sidan byrjinga i 2011 har klynga utvikla seg til å bli eit verdensleiande miljø innanfor grøn skipsfart, og regjeringa ønskjer å bidra til å sikra at klynga sitt arbeide blir vidareført, seier stortingsrepresentantane Terje Breivik (V) og Helge André Njåstad (Frp).
– For oss blir det ein prioritet å følgje opp dette framover, seier stortingsrepresentant Knut Arild Hareide (KrF).