- This event has passed.
Pilot-E 2020: Innspelsmøte NCE Maritime CleanTech (webinar)
22nd April 2020 at 10:00–11:30
Event Navigation
Tema for PILOT-E-utlysinga i 2020 blir utsleppsfri maritim transport og klimanøytral industri. Det blir lyst ut 130 millionar kroner. NCE Maritime CleanTech inviterer klyngebedrifter til å koma med innspel til konkretiseringa av utlysinganene.
Tid: Onsdag 22. april kl. 10:00 – 11.30
Møtet blir gjennomført på Microsoft Teams. Lenke blir sendt til alle påmeldte deltakarar i forkant av møtet.
PILOT-E lyser ut nye midlar 1.mai til:
- Utsleppsfri maritim transport
- Klimanøytral industri
PILOT-E er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Innovasjon Norge og Enova. Det er eit næringsretta tilbod som skal få fram løysingar som kuttar utslepp av klimagassar og bidreg til meir effektiv energibruk i Noreg og internasjonalt.
I dette møtet vil leiar for Pilot-programmet, Trond Moengen, invitera aktørar til dialog og koma med innspel på konkretisering av og ambisjonsnivå for årets utlysing. Basert på dette vil den endelege utlysningsteksten offentleggjerast 1. mai.
Ifølge Klimakur 2030 som blei lagt frem i januar, står sjøfart og fiske for seks prosent av norske utslepp, og potensiala for reduksjonar er målt til 7,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar i perioden fram til 2030. Klimakur slår fast at ny utsleppsfri teknologi er avgjereade for å forløysa dette potensialet.
Klyngeadministrasjonen vil bistå bedrifter i NCE Maritime CleanTech i å identifisera moglege tema og partnarar til Pilot-E-samarbeid.
Meld deg på som deltakar i dette innspelsmøtet øvst på denne sida. Merk: berre ope for medlemmer i NCE Maritime CleanTech.