Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Regional lansering av Horisont Europa i Vestland

10th November 2020 at 10:0011:30

Event Navigation

Ved nyttår går startskotet for EU sitt nye forsking- og innovasjonsprogram, Horisont Europa. Her ligg det store moglegheiter for både norske bedrifter, forskarar og offentlege aktørar som ønskjer å delta i internasjonalt samarbeid og bidra til å løyse store samfunnsutfordringar.

Tysdag 10. november kl. 10.00 – 11.30 inviterer EU nettverket for Sogn og Fjordane, Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge Vestland og Norges Forskingsråd til digitalt informasjonsmøte om Horisont Europa. Det er moglegheit til ein-til-ein møter med EU-rådgjevarar og nasjonale kontaktpersonar for ulike fagområde etter lunsj.

Du får informasjon om Horisont Europa, som er ein vidareføring av Horisont 2020, og innblikk i kva som er nytt.

Norske aktørar gjer det godt i konkurransen om EU-finansiering til sine forsking- og innovasjonsprosjekt. Du møter Evoy og nLink, to bedrifter i regionen som deler sine erfaringar. Bli også inspirert av eit pågåande forskingsprosjekt ved Vestlandsforsking om stordata og transport. Klynga NCE Maritime Clean Tech har fire store prosjekt i Horisont 2020 der næringsliv og offentlege etatar samarbeider, og dei vil dele sine erfaringar og forventningar til Horisont Europa.

Du får òg tips og råd til korleis komme i gang med å søkje prosjektstøtte frå EU, og høve til å stille spørsmål.

Arrangementet passar både for bedrifter, forskarar, offentlege aktørar, klynger, næringshagar, innovasjonsselskap og andre.

Du møter:

  • Merete Mikkelsen, direktør, Vest-Norges Brusselkontor.
  • Bård Sandal, fylkesdirektør, avdeling for innovasjon og næringsutvikling, Vestland fylkeskommune.
  • Inger Nordgard, spesialrådgjevar, Norges Forskingsråd.
  • Ingvild Håvardstun Kjørrefjord, EU-rådgjevar, Innovasjon Norge Vestland.
  • Leif A. Stavøstrand, dagleg leiar, Evoy.
  • Roger Flølo, CEO, nLink.
  • Marte Jensen, EU-rådgjevar, NCE Maritime CleanTech.
  • Ida Tidemann-Andersen, forskar ved Vestlandsforsking og leiar for EU-nettverk for Sogn og Fjordane.
  • Merete Lunde, spesialrådgjevar, regionansvarleg Vestland, Norges Forskingsråd.

I ein-til-ein samtalene møter du Forskingsrådet sine nasjonale kontaktpersonar (NCP) for ulike fagområde, og her kan du få tips og råd om moglegheiter i Horisont Europa for din idé:

  • Verena Hachmann, NCP Transport og Maritim.
  • Janicke Anne Giæver, NCP Klima, miljø og ressursar.
  • Marianne Haavardsholm Aandahl, NCP Energi.
  • Kim Davis, NCP Digitalisering og Informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
  • Ivonne Herrera, NCP IKT Sikkerhet.
  • Waqar Ahmed, NCP IKT Helse.
  • Karin Totland, NCP Industri og tjenestenæringer: Nanoteknologi, materialer, bioteknologi, produksjon.
  • Kristin Dawes, NCP Mat, hav og bioøkonomi.
Praktisk informasjon:

Arrangementet vert gjennomført digitalt. Det er gratis, men du må melde deg på. Lenke til det digitale møtet vert sendt på e-post til den adressa du oppgjer når du melder deg på. Meld frå i påmeldingsskjemaet om du ønskjer ein-til-ein samtale med EU-rådgjevar/NCP (frist onsdag 4. november), og du vil få ein eigen innkalling til dette i tidsrommet 12.00 – 15.00.

Les gjerne meir om Horisont Europa her: Horisont Europa

Arrangørar er EU nettverket for Sogn og Fjordane i samarbeid med Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Norges Forskingsråd.

LES MER HER!