- This event has passed.
Nytt samarbeidsprosjekt: Klyngemobilisering
4th May 2021 at 12:00–13:00
Event Navigation
Gjer vegen frå idé til marknad raskare og rimelegare
Katapultsentera Sustainable Energy og Digicat inviterer NCE Maritime CleanTech´s medlemmar til eksklusivt webinar og mogeleg samarbeid.
Eit nytt samarbeidsprosjekt mellom klyngeprogramma i Norge og Norsk katapult håpar å setja fart på implementeringa av ny og banebrytande teknologi.
Sustainable Energy og Digicat er to av fem katapultsenter i Norsk katapult. SIVA forvaltar ordninga i Norge på vegner av Nærings- og fiskeridepartementet og i tett samarbeid med Innovasjon Norge og Forskningsrådet. Katapultsentera har til felles å tilby bedrifter bistand i utviklingsfasen av nye produkt og tenester, testinfrastruktur, verifisering, prototyping og gjennomføring av små og store prosjekt. No ønskjer Norsk katapult tettare kontakt med næringsklyngene i Norge – og ikkje minst med medlemsbedriftene deira – for å i gang fleire nye innovasjonsprosjekt.
I webinaret 4. mai, klokka 12:00-13:00 får du vita meir om kva Sustainable Energy og Digicat kan hjelpa verksemda di med. Medan Sustainable Energy spesialiserer si satsing inn mot framtidas grøne energiberarar i den maritime næringa, rettar Digicat seg inn mot digitalisering og virtuell testing, digitale tvillingar og fjernstyrte og autonome system.
Målet med det nye samarbeidsprosjektet, er å knyta tettare band mellom klyngene og Norsk katapult.
Organiser
- Sustainable Energy Norsk katapultsenter
- willie@sustainableenergy.no
- View Organiser Website