Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Årsmøte 2020

March 25 at 14:0015:00

Event Navigation

Årsmøte i NCE Maritime CleanTech (via nett)

Som følgje av korona-situasjonen, må årets årsmøte gjennomførast digitalt via Teams. Dersom dette byr på utfordringar for din organisasjon, eller di verksemd motseier seg at årsmøtet skal gjennomførast digitalt, så ver venleg å gi melding om dette snarast mogleg og innan 20.mars til post@maritimecleantech.no.

Alle våre ordinære medlemmer i NCE Maritime CleanTech har ei stemme på årsmøtet. Dersom dykk ikkje har høve til å vera representert i møtet, kan de vera representert med fullmakt. Sjå vedlagte mal til fullmakt. Me ber om at fullmakt vert innsendt innan 24. mars til post@maritimecleantech.no.

For å sikra gjennomføring av årsmøtet ber me om at du melder deg på i lenka over innan 24. mars.

AGENDA
1. Godkjenning av innkalling og fullmakter
2. Val av møteleiar, protokollførar og ein person til å underskriva protokollen saman med møteleiar
3. Styret si årsmelding
4. Fastsetjing av resultatrekneskap og balanse
5. Fastsetjing av kontingent for 2020
6. Val av styre (Innstilling frå valkomitéen vert ettersendt)
7. Val av valkomité

Det vil sendast ut lenke til deltaking via nett til påmeldte i forkant av møtet.

Påmelding i lenka over innan 24. mars.

Details

Date:
March 25
Time:
14:00–15:00
Event Category: