Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Digital prosjektverkstad – Vestland

February 10

Event Navigation

Prosjektverkstaden er eit tilbod til aktørar i Vestland som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv eller i offentleg sektor. I forkant av prosjektverkstaden vil det vere eit kort informasjonsmøte om moglegheiter for finansiering av FoU-prosjekt.

Kurset vil vere nyttig ved søknader til Regionalt forskingsfond Vestland eller Forskingsrådet.

Prosjektverkstaden består av to delar; sjølve kurset og eit tilbod om individuell samtale med ein rådgjevar.

Del 1 Kurs: Gjennom eksempel lærer du om korleis få fram kva sentrale oppgåver prosjektet skal løyse og korleis planlegge arbeidet. Du vil få råd om korleis strukturere opp eit prosjekt.

Del 2 Individuell samtale: Har verksemda di ein konkret prosjektidé du vil diskutere og ønskjer råd og rettleiing om? Vi stiller med rådgjevarar med god kompetanse på forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor. Meld frå i påmeldingsskjemaet for å avtale eit slikt møte. Andre som skal delta i prosjektet kan også vere med i desse møta.

Arrangementet er digitalt og gratis, men du må melde deg på for å kunne delta. Påmeldingsfrist er måndag 7. februar. Kryss av i påmeldingsskjemaet om du deltek på informasjonsmøtet, og meld frå i skjemaet om individuell samtale. Du får ein e-post med lenke til kurset når det nærmar seg.

Målgruppa er bedrifter og offentleg sektor i Vestland og deira FoU-samarbeidspartnarar

Det er Vestland fylkeskommune, Regionalt forskingsfond Vestland, prosjekt FORREGION Vestland (Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking), KS Vest-Norge og Forskingsrådet som inviterer til prosjektverkstad.

Velkommen!

 

PROGRAM

  • 11:00 Informasjonsmøte: Finansieringsmoglegheiter for FoU-prosjekt i Forskingsrådet, FORREGION Vestland og Regionalt forskingsfond Vestland. Spørsmål og svar.
  • 11:45 Kursrommet opnar
  • 12:00 Prosjektverkstad, del 1: Kurs: Gjennomgang av verktøya “Prosjektkanvas” og “Veiledning til prosjektstruktur”. Praktiske eksempel. Spørsmål og svar.
  • 13:30 Prosjektverskstad, del 2: Møte med rådgjevar: Tilbod om individuell samtale (20 minuttar) med ein rådgjevar om din prosjektidé (se skjema for påmelding). Det vil være rådgjevar i eit felles, åpent møterom i samme tidsrom med moglegheit til å stille spørsmål. Vi har rådgjevarar med god kompetanse på forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor.

Details

Date:
February 10
Event Categories:
,