Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Framtidas hurtigbåt og nye energiberarar (webinar)

June 25 at 13:0014:15

Event Navigation

 

Kva er den totale klimapåverknaden av ulike energiberarar? Ein ny rapport gir deg svaret.

Noreg er godt i gang med ei storstilt grøn omstilling av ferjesektoren. No står hurtigbåtane for tur.

Implementering av grøne drivstoff i denne sektoren krev inngåande kunnskap om klimapåverknaden til ulike energiberarar. På oppdrag frå NCE Maritime CleanTech har Asplan Viak utarbeidd ein analyse av den totale klimapåverknaden som ulike energiberarar har i eit energisystem for hurtigbåt. Rapporten estimerer og samanliknar dei totale klimagassutsleppa frå 15 ulike framdriftssystem som er aktuelle for ein hurtigbåt på ruta mellom Bergen og Selje.

På dette webinaret vil resultata frå analysen bli presentert.

Webinaret er berre ope for klyngedeltakarar i NCE Maritime CleanTech.

Når du har registrert deg, vil me senda deg ei lenke til webinaret.

Program:

  • Opning webinar – Hege Økland, adm. direktør NCE Maritime CleanTech
  • Om LCA-metodikk – Linda Ager-Wick Ellingsen, seniorrådgivar, Asplan Viak
  • Presentasjon av analyse – Linda Ager-Wick Ellingsen, seniorrådgivar, Asplan Viak
  • Spørsmål og kommentarar
  • Oppsummering – Hege Økland, adm. direktør NCE Maritime CleanTech

Details

Date:
June 25
Time:
13:00–14:15
Event Categories:
,